NVE avslår søknaden om løyve til å byggje Gjerstadfossen kraftverk i det verna vassdraget Loneelva på Osterøy i Hordaland.

Det er Gjerstadfossen Kraftverk AS som har søkt om å byggje vasskraftverket, som ville gitt ein årleg produksjon på om lag 5 GWh.

Gjerstadfossen er ifølge verneverdiane for Loneelva eit viktig kulturlandskapselement. NVE meiner kraftutbygging som gir redusert vassføring i Gjerstadfossen, vil svekke verneverdiane for Loneelva. Ifølge vannressursloven kan konsesjon då ikkje gis. Sidan verneverdiane vert svekka, har ikkje NVE vurdert andre ulemper ved utbygginga nærare.

Les meir om Gjerstadfossen kraftverk