Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 01.12.2022 , sist oppdatert 06.12.2022

Brefrontane fortset å smelte tilbake

NVE sine bremålingar i 2022 viser at 33 av 34 målte brefrontar har smelta tilbake.

Langfjordjøkelen i Loppa er ein liten platåbre i Vest-Finnmark. Brefronten har smelta tilbake 61 meter i år og 307 meter dei siste 10 åra. Foto: Bjarne Kjøllmoen

Den størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter). Dei 34 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 25 meter.

I Sør-Norge var det i vinter store forskjellar i snømengde på breane. På Vestlandet fekk mange brear meir snø enn normalt, medan breane lengre aust fekk relativt lite snø. Bresmeltinga gjennom sommaren var litt under det normale på breane i Sør-Noreg, Resultatet for 2022 vart underskot for mange brear, men i områder som fekk mykje snø vart underskotet mindre enn normalt. Nokre brear har også vore i balanse eller har hatt eit overskot.

I Nord-Noreg fekk breane stort sett meir snø enn normalt. Men bresmeltinga gjennom sommaren var over det normale slik at resultatet for 2022 vart underskot for dei fleste breane. I områder som fekk mykje snø har nokre brear likevel vore i balanse.

– Alle breane vi følgjer med på har trekt seg tilbake dei siste 20 åra, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ.

Negativ massebalanse i lengre tid

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Dei siste 20 åra har 27 brear med samanhengande målingar gått tilbake 409 meter i gjennomsnitt.

– Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarar Hallgeir Elvehøy.

Breane i Noreg har den same utviklinga som dei aller fleste breane i resten av verden.

Fakta: Tilbakegang for brefrontane

  • Størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter).
  • Midlare tilbakegong for dei 34 breane er 25 meter.
  • Dei siste 20 åra har 27 brear med samanhengande målingar gått tilbake 409 meter i gjennomsnitt.
  • Dei 34 breane med brefrontmålingar i 2022 utgjer om lag 15 prosent av brearealet i Noreg.

Sogn og Fjordane

I breområda i Sogn og Fjordane har åtte målte brear i snitt trekt seg tilbake 29 meter. Størst tilbakegang hadde Tuftebreen i Jostedalen i Luster med 65 meter i år og 238 meter dei siste 10 åra. Fronten til Nigardsbreen smelta  tilbake 23 meter i år, og har trekt seg tilbake 454 meter sidan 2012. I Hurrungane i Vest-Jotunheimen har Styggedalsbreen smelta tilbake 30 meter i år og 153 meter dei siste 10 åra. Etter som brefronten har trekt seg tilbake har det vokse fram eit vatn framfor Styggedalsbreen.

Ålfotbreen i Bremanger fekk eit lite masseunderskot i år. Det kom  litt mindre snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga også var litt mindre enn normalt. Massebalansemålingane på Nigardsbreen i Luster viste eit overskot i år. Det kom litt meir snø enn normalt i vinter, medan sommarsmeltinga var mindre enn normalt. Massebalansemålingane har vist at Ålfotbreen har vorte om lag 23 meter tynnare sidan år 2000, medan Nigardsbreen har minka med om lag 2 meter. Den store forskjellen mellom disse breane skuldast at Nigardsbreen ligg mykje høgare over havet enn Ålfotbreen.

Hordaland

I breområda i Hordaland har åtte målte brefrontar i snitt gått 14 meter tilbake i år. Størst tilbakegang hadde Bondhusbrea på vestsida av Folgefonna med 34 meter tilbake i år og 183 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Sju brear har trekt seg tilbake mellom 43 og 629 meter dei siste 10 åra.

Massebalansemålingane på Rembesdalskåka på vestsida av Hardangerjøkulen viste at breen har vore om lag i balanse  i år. Sidan år 2000 har breen hatt eit underskot som tilsvarar at heile breen har vorte 14 meter tynnare. Rembesdalskåka har trekt seg tilbake 11 meter i år og 107 meter i løpet av dei siste 10 åra.

Oppland

I Innlandet har ni målte brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 27 meter i år. Størst tilbakegang hadde Storjuvbrean i Leirdalen i Lom med 94 meter i år og 265 meter siste 10 år. Den uvanleg store tilbakegangen i år skuldast at fronten har flytta seg opp på ein fjellterskel. Dei siste 10 åra har seks brear trekt seg tilbake mellom 73 og 265 meter.

Hellstugubreen i Jotunheimen har hatt masseunderskot i år. Sidan år 2000 har Hellstugubreen minka tilsvarande eit islag på 1 meter kvart år. Hellstugubreen smelta tilbake 18 meter i år, og fronten har trekt seg tilbake 128 meter dei siste 10 åra.​

Nordland

I Nordland har fire brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 22 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes hadde den største tilbakegangen med 35 meter. Dei siste 10 åra har breen trekt seg tilbake 320 meter.

Massebalansemålingane på Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, viste at breen var om lag i balanse  i år. Det kom meir snø enn normalt i vinter men smeltinga i sommar var også større enn normalt. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 6 meter vassekvivalentar som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 7 meter tynnare. Fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 28 meter det siste året, og 398 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra.  

Troms og Finnmark

I Troms og Finnmark har fire målte brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 30 meter i år. Den største tilbakegangen hadde Langfjordjøkelen i Loppa med 61 meter i år og 307 meter i løpet av 10 år.  

Langfjordjøkelen i Loppa hadde eit stort masseunderskot i år. Sjølv om det kom meir snø enn normalt i vinter, var smeltinga i sommar var mykje større enn normalt. Sidan år 2000 har Langfjordjøkelen hatt masseunderskot  tilsvarande 27 meter is jamt fordelt over heile breen.

Korleis måler vi breendringar

Massebalansemålingar på bre handlar om å finne ut kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren, og kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren. På slutten av vinteren måler vi snødjupet i mange punkt over heile breen, og måler tyngda av snøen i eitt representativt punkt. For å måle kor mykje snø og is som smeltar i løpet av sommaren borer vi ned aluminiumsstakar fleire stader på breen om våren. Om hausten måler vi kor mykje lengre stakane har blitt over overflata, og kan dermed rekne ut kor mykje snø og is som har smelta i løpet av sommaren.

Ut ifrå punktmålingane reknar vi ut kor mykje snø som la seg på heile breen, og kor mykje snø og is som smelta i løpet av sommaren. Forskjellen viser om breen har lagt på seg eller minka.

Brefrontmålingar set tal på korleis lengda og arealet til ein bre endrar seg. Vi har eit fast punkt framfor brekanten og måler avstanden frå punktet til brekanten i ei fast retning. Når vi kjem tilbake neste år måler vi avstanden frå punktet i den same retninga. Om breen minkar og brefronten trekk seg tilbake, så aukar avstanden.

Bremålingane vert gjort i samarbeid med Statkraft, Siso Energi, Sunnhordland Kraftlag, Sogn og Fjordane Energiverk, Norsk bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Fjellsenteret i Lom, og lokale observatørar.

NVE er nasjonal faginstitusjon i hydrologi. NVE overvakar alle former for vatn i Noreg. NVE har gjort massebalansemålingar tilbake til 1962 og frontmålingar sidan 1995.

Data og informasjon om norske brear finn du på https://www.nve.no/bre

Resultat av brefrontmålingar i 2022

 

Bre

Endring 2021-2022 (meter)

Kommentar 
         

Endring 2012-2022
 (meter)

 

Austerdalsbreen

-12

 

-457

Sogn og Fjordane

Fåbergstølsbreen

-14

 

-150

 

Brenndalsbreen

-19

To år

-209

 

Haugabreen

-35

 

 

 

Nigardsbreen

-23

 

-454

 

Stigaholtbreen

-37

 

-166

 

Vetle Supphellebreen

IM

 

 

 

Styggedalsbreen

-30

 

-153

 

Tuftebreen

-65

 

-238

 

Bondhusbrea

-34

 

-183

Hordaland

Botnabrea

-14

 

-217

 

Buerbreen

-26

 

-154

 

Gråfjellsbrea

-4

 

-629

 

Svelgjabreen

-3

 

-43

 

Blomstølskardsbreen

-23

 

-116

 

Midtdalsbreen

0

 

-113

 

Rembesdalskåka

-11

 

-107

 

Bøverbrean

-35

 

-164

Oppland

Hellstugubrean

-18

 

-128

 

Leirbrean

-31

 

-242

 

Storbrean

-18

 

-121

 

Storjuvbrean

-94

 

 -265

 

Styggebrean

-7

 

-105

 

Heimste Mårådalsbreen

-25

To år

-132

 

Koldedalsbreeen

-13

Fire år

-73

 

Mjølkedalsbreen

-3

 

 -165

Møre og Romsdal

Trollkyrkjebreen

-32

 

-121

 

Vinnufonna

IM

 

 

 

Austre Okstindbreen

-35

 

-320

Nordland

Corneliussenbreen

IM

 

 

 

Engabreen

-28

 

-398

 

Trollbergdalsbreen

IM

 

 

 

Skjelåtindbreen

IM

   

 

Storsteinsfjellbreen

-18

To år

-107

 

Rundvassbreen

-8

To år

-251

 

Steindalsbreen

-39

 

-260

Troms og

Sydbreen

-12

 

-117

 Finnmark

Koppangsbreen

-7

 

-154

 

Langfjordjøkelen

-61

 

-307

 

Kontakt

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, mob: 92 44 61 89
Seksjonsjef Rune Engeset, mob: 99 03 88 68