Årsrapporten gjev oversikt over hendingar som prega NVE i 2015, og ei samla vurdering av resultat og aktivitetar året.

NVE styrte i 2015 verksemda si etter fem hovudmål:

  1. NVE skal sikre ei samla og miljøvenleg forvalting av vassdraga.
  2. NVE skal sikre ein effektiv og kunnskapsbasert behandling av konsesjonar av anlegg for produksjon og overføring av energi.
  3. NVE skal sikre ein effektiv produksjon, overføring, omsetnad og bruk av energi.
  4. NVE skal sjå til at beredskapen i kraftforsyninga er god.
  5. NVE skal betre evna samfunnet har til å handtere risiko for flaum og skred.

Rapporten går gjennom kvart av hovudmåla.

I tillegg vert årsrekneskap, utvalde volumtal og nøkkeltal presentert.

Last ned Årsrapport 2015 for Noregs vassdrags- og energidirektorat