I rapporten «Status og prognoser for kraftsystemet 2016» har NVE samanstilt informasjon frå kraftsystemutgreiingane for regional- og sentralnettet frå 2015 og 2016.  Nettselskapa forventar investeringar for kraftsystemet som summerer seg til 140 milliardar kroner dei neste ti åra.

I forhold til rapporteringa i 2014 er det meir kapasitet i nettet til ny produksjon no. Hovudsakleg gjelder dette på Vestlandet, der linja Ørskog-Sogndal har forbetra situasjonen.

Investeringar
Kraftsystemutgreiingane(KSU) gjev ei viktig oversikt over både dagens og framtidas kraftsystem. På bakgrunn av dagens kraftsystem og forventa utvikling i forbruk og produksjon, gjev utgreiingane informasjon om kva nettinvesteringar som er nødvendige for å møte framtidige behov. Forventa nettinvesteringar summerer seg til om lag 22 milliardar kroner i regionalnettet og mellom 50 og 70 milliardar kroner i sentralnettet dei neste ti åra. I same tidsperiode er det forventa investeringar for om lag 48 milliardar kroner i distribusjonsnettet og 10 milliardar kroner i investeringar i AMS. 

Auka nettkapasitet i vest
Utover forventa nettinvesteringar kjem det også fram viktig informasjon i KSUane om kva område som har tilgjengeleg kapasitet for å ta i mot ny produksjon. Tilgjengeleg nettkapasitet er vurdert for kvar kommune, og er i rapporten samanfatta i eit fargekoda kart. Den største endringa i tilgjengeleg nettkapasitet sidan forrige samanstilling er for dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane, der idriftsetting av sentralnettlinja Ørskog-Sogndal har ført til noko betre kapasitet enn tidlegare.

God forsyningstryggleik
Rapporten gjev også ei oversikt over punkt i nettet der feil på enkeltkomponentar kan gje avbrot for sluttbrukarar. Dette er ein viktig indikator på forsyningstryggleiken i kraftsystemet. I KSUane for 2015 og 2016 er det identifisert 279 og 364 slike punkt i høvesvis regional- og sentralnettet. Det kan vere stor forskjell på to punkt; for mange punkt vil feil føre til avbrot berre delar av året eller for ein liten del av forbruket. Det er difor ikkje samfunnsøkonomisk rasjonelt å ha reserve for alle punkt i det norske kraftsystemet.

Generelt sett er forsyningstryggleiken i Norge god, men NVE brukar oversikta til å identifisere punkt der feil kan gje store konsekvensar. Der feil kan gje store konsekvensar er det i mange tilfelle allereie planlagt tiltak som vil føre til betre forsyningstryggleik. Desse punkta blir følgt opp, særleg der det ikkje alt er planlagde tiltak.

Les heile rapporten her.