NVEs årsrapport 2019 - NVE

Årsrapporten gjev oversikt over hendingar som prega NVE i 2019, og ei samla vurdering av resultat og aktivitetar.

Innhold i norske kraftmagasin. Foto: Miriam Jackson Grafikk: Simon Oldani

Mange av NVEs fagområde var langt framme i det offentlege ordskiftet også i 2019. Både den auka utbygginga av vindkraft, NorthConnect-kabelen, skredsituasjonen ved Veslemannen, og framlegginga av nasjonal ramme for vindkraft fekk mykje merksemd.

Nettoimportør av kraft

I 2019 vart det produsert 134,6 TWh vasskraft her i landet, noko mindre enn det som har vore normalt dei siste åra. Trass i mindre nedbør enn normalt vart fyllingsgraden ved utgangen av 2019 omlag den same som ved inngangen av året. Resultatet vart at Noreg for første gong på ni år vart nettoimportør av kraft – men berre så vidt.

Mykje ny kraftproduksjon

I 2019 var det stor aktivitet i planlegging og bygging av energianlegg. I alt gjorde NVE 141 vedtak om godkjenning av miljø-, transport- og anleggsplanar (MTA-planar) for energianlegg, inkludert planendringar. Desse fordeler seg på 40 ny planar for kraftleidningar, 15 nye planar for transformatorstasjonar og 12 planar for vindkraftanlegg. I tillegg vart det gjort 56 planendringsvedtak Talet på vedtak auka med ca. 10% sidan 2018.

Den samla vindkraftproduksjonen i 2019 var på 5,5 TWh, ein auke på 1,7 TWh samanlikna med 2018. Fem nye vindkraftverk vart sett i drift.

Sommaren var prega av styrtregn

Sommaren i Sør-Noreg var prega av fleire episodar med lokalt styrtregn som fekk alvorlege følgjer. Styrtregn førte også til skadar for millionar av kroner, mellom anna i Jølster, Brumunddal og Fredrikstad. Det var 68 dagar med varsel om flaumfare og 49 dagar med varsel om jordskredfare i 2019.

 

Les fleire saker frå NVEs årsrapport 2019:

Kraftåret 2019 - nettoimport, men bare så vidt