Kartlegging, arealplanlegging og sikring - NVE

Klimaendringar vil påverke overvatn, og flaum- og skredaktiviteten i Norge

NVE har det overordna ansvaret for dei statlege forvaltningsoppgåvene innan førebygging av flaumskader og skredulykker. Frå 2019 har NVE fått i oppgåve å støtte kommunane med å forebygge skader frå overvatn gjennom kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og å gi rettleiing til kommunal arealplanlegging.  

Ein vesentleg del av NVE sitt klimatilpassingsarbeid vert utført gjennom dei daglege forvaltningsoppgåvene. Skred- og vassdragsavdelinga skal bidra med informasjon om klimaendringar og gje bistand til klimatilpassing innan ulike arbeidsområder.

Kartlegging

NVE tek omsyn til klimaendringar ved ajourføring og ny kartlegging av flaum- og skredutsette områder. Frå 2011 har NVE teke omsyn til klimaframskrivingar i flaumsonekarta. NVE prioriterer å kartlegge skredfare i bratt terreng i dei landsdelane der det er forventa auke i hyppigheita av ulike skredtypar, som flaumskred og jordskred.

Les meir:

Kartlegging i NVE

Rettleiar for kartlegging av flaumfare langs bekker.
Det vert forventa at klimaendringane vil gi fleire intense nedbørflaumar og meir overvatn. Alt i dag fører flaum i bekker i byar og tettstader til store skader. Rettleiaren gjev råd om korleis ein kan identifisere og kartlegge flaumutsette områder langs ein bekk.

Arealplanlegging

Flaum,  skred og overflateavrenning er naturlege prosessar, som vert påverka av klimaendringar. Utfordringar kan oppstår når areal  vert teke i bruk til utbygging og andre menneskelege aktivitetar. God styring av arealbruk gjennom arealplanlegging er derfor nødvendig for å redusere skadepotensiale som følge av klimaendringar. NVE bidreg til å førebygge og redusere skadeomfanget frå flaum, skred og overvatn, ved å rettleie kommunen i arbeid med naturfare i arealplanlegging.

Les meir:

Arealplanlegging i NVE

Faktaark – Klima og arealplanlegging

Faktaark - Skredvifter

Retningslinjer for flaum- og skred i arealplanar 
Rettleiaren fortel korleis ein bør greie ut og ta omsyn til flaum- og skredfare. I Kap. 5 er omsynet til klimaendringar i arealplanlegginga spesielt skildra.

Sikringstiltak

NVE gjev bistand til utredning, planlegging og gjennomføring av sikringstiltak for å sikre eksisterande busetnad mot skade frå flaum, erosjon og skred. Tiltaka ver prioritert ut frå samfunnsøkonomiske nytte-kost-analyser i tillegg til risikovurdering. Forholdet til klimaendringar inngår i vurderingsgrunnlaget både ved prioritering, planlegging og dimensjonering. Med endringar i klima aukar behovet for sikring mot skred i bratt terreng og sikring mot flaumar i bratte vassdrag.

Les meir:

Arbeid med sikring i NVE