NVE sender ut høyring på forslag til endringar i kraftrasjoneringsforskrifta. Endringa går ut på å forskriftsfeste gjeldande krav til planlegging for kraftrasjonering, og samtidig gi noko større handlingsrom for nettselskapa. I tillegg ønsker NVE innspel på korleis brytarfunksjonen i AMS kan vere eit eigna virkemiddel for å handtere ein rasjoneringssituasjon på ein meir skånsam måte enn i dag.

Høyringsfrist

Fristen for å komme med innspel er satt til 20. mai 2018.

Innspel kan sendast på e-post til nve@nve.no

Kontaktpersonar:

Overingeniør Synnøve Lill Paulen,
Tlf: 22 95 98 11

Seksjonsleiar Vegard Willumsen,
Tlf: 22 95 91 85

Noreg er eit land der straumproduksjon er avhengig av vasskraft. Dette gjer at ein er avhengig av å få tilført nok vatn i magasina eller ha tilstrekkelig import, for å ha tilstrekkelig energi gjennom vinteren. Sannsynet for energimangel blir sett på som svært lågt. Marknaden fungerer så godt at det må svært spesielle forhold til for at det oppstår energimangel. Dersom det, i ekstraordinære tilfelle, ikkje er tilstrekkelig energi tilgjengeleg kan Olje- og Energidepartementet (OED) erklære kraftrasjonering. Kraftrasjonering inneber tvungen reduksjon av kraftforbruk. Prinsipp for vedtak og gjennomføring av ei kraftrasjonering er gitt av kraftrasjoneringsforskrifta.

NVE sender no ut eit forslag om endring i kraftrasjoneringsforskrifta for å samle eksisterande krav om planlegging for ei rasjonering i denne. Vidare ønsker vi innspel på korleis AMS kan brukast for å gjere gjennomføringa av ei eventuell rasjonering meir skånsam for forbrukarane enn i dag.

Nettselskap er i dag pålagt å legge planer for gjennomføring av ei kraftrasjonering. Krava til slike planar har sidan 2006 vore spesifisert gjennom eit vedtak til nettselskapa. NVE har no gått gjennom dei spesifiserte krava for å forenkle og oppdatere desse, og ønsker samtidig å legge desse inn i kraftrasjoneringsforskrifta. NVE sender difor endringar i kraftrasjoneringsforskrifta ut på høyring.  

Forslaget til endringa i forskrifta vil ikkje gi noko nye krav til nettselskapa utover det som allereie er krav om i dag. Krava som er foreslått i forskriftsendringa vil gi nettselskapa noko større handlingsrom, men samtidig sikre at planane gir eit godt grunnlag for gjennomføring av ei eventuell rasjonering.

Samtidig med høyringa av innlemming av krav til rasjoneringsplanar ønsker NVE innspel på korleis brytarfunksjonen i AMS kan brukast for å redusere sannsynet for å måtte gjennomføre ei sonevis roterande utkopling i ein rasjoneringssituasjon og derfor gi ei meir skånsam handtering av kraftrasjonering. Før ein eventuelt stiller krav til planlegging for bruk av AMS i slike situasjonar ønsker NVE innspel på kva konsekvensar slike krav kan få og korleis ein best mulig kan bruke det handlingsrommet som AMS gir.

Fristen for å komme med innspel er satt til 20. mai 2018.

Innspel kan sendast på e-post til nve@nve.no