Forsking og utvikling (FoU) i NVE
NVE forvaltar Noregs vass- og energiressursar. Vi er òg eit forskingsinstitutt. Vi forskar på emne innanfor alle dei områda vi er fagmyndigheit for, med hovudvekt på hydrologiske emne.
Forskingsarbeidet bidreg til at vi løyser våre forvaltingsoppgåver betre og meir effektivt. Vi forskar på eige initiativ, gjennom eksternt finansierte prosjekt eller bestiller forsking utført av andre organisasjonar. Fleire av våre forskarar har professorkompetanse. Vi samarbeider med ei rekkje utdannings- og forskingsinstitusjonar, både nasjonalt og internasjonalt.
Ønsker du deltaking frå NVE i eit forskingsprosjekt, eller har andre spørsmål om FoU, kan du nytte denne adressa: nve@nve.no
Husk å skrive 'FoU' i emnefeltet.