Fleire samanslåingar i bransjen og dei reine nettselskapa viser betre avkastning og kostnadseffektivitet.    

- Vi ser en positiv utvikling i bransjen der mange selskap er godt i gang med omstillingen som kreves før det nye kravet i energiloven om selskapsmessig og funksjonelt skilje trer i kraft 1.1.2021. Men potensialet for sammenslåinger og omorganiseringer er fortsatt stort, seier Ove Flataker, avdelingsdirektør i NVE.

Kvart år samlar NVE inn økonomiske og tekniske data som vi blant anna nyttar i reguleringa i nettselskapa, og for femte gong publiserer vi utviklinga i utvalde nøkkelta frå nettselskapa. I rapporten ser vi blant anna på kostnadsutviklinga i bransjen og for Statnett. Fokus for rapporten er forskjellig kvart år. I år som for to år sia har fokus vore skilnader mellom vertikalt integrerte og reine nettselskap. Denne utgåva stadfestar i stor grad funna frå førre rapport med same fokus.

Dei reine nettselskapa er i all hovudsak meir kostnadseffektive enn dei vertikalt integrerte selskapa. Gjennomsnittleg DEA-resultat (før kalibrering) for perioden 2011-2015 var høvesvis 81 prosent og 76 prosent. Gjennomsnittleg avkasting for same periode er også høgare for dei reine enn dei vertikalt integrerte selskapa, høvesvis 6,4 og 4,0 prosent. Det er store individuelle skilnader i alle analysane.

Det er fortsatt mange nettselskap i Noreg og ein tredjedel av dei er vertikalt integrert og har færre enn 6000 abonnentar. Desse selskapa leverte til saman 4 prosent av energien i distribusjonsnettet og hadde 5 prosent av abonnentane i 2015. I motsett ende av skalaen leverte dei 7 største selskapa med funksjonelt og selskapsmessig skilje 54 prosent av energien i distribusjonsnettet til 57 prosent av abonnentane. Dei siste åra har vi sett ei auke i talet på samanslåingar i bransjen. Ved utgangen av 2012 var det 149 nettselskap i tillegg til Statnett i Noreg. Per 1.1.2017 var talet redusert til 132.

Les heile rapporten her