Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 02.07.2021

Tonstad datapark i Sirdal får løyve til transformatorstasjon og jordkabel

NVE gir Tonstad datapark AS løyve til å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i Tonstad datapark og to 132 kV jordkablar frå ny transformatorstasjon til Ertsmyra transformatorstasjon. Anlegga ligg i Sirdal kommune i Agder fylke.

Ortofoto som viser oversikt over kabeltrasé (rød stiplet strek) og planlagt plassering av Tonstad datapark transformatorstasjon (rød firkant) på næringsområdet.

Tonstad datapark ønskjer å etablere ein datapark på eit område som er regulert til næring av Sirdal kommune ved Ertsmyra transformatorstasjon. Det er naudsynt med straum til dataparken, og Tonstad datapark har fått løyve til å byggje følgande: ein ny transformatorstasjon med to transformatorar kvar med omsetnad 150 MVA og yting 132/22 kV, to utandørs brytarfelt, og to om lag 500 meter lange jordkablar frå den nye transformatorstasjonen til Ertsmyra transformatorstasjon. Ny transformatorstasjon ligg innanfor området til næringsparken. Tonstad datapark får òg løyve til å byggje eit transformatorbygg med eit areal på om lag 300 m2, med eit 22 kV-anlegg og tilhøyrande servicefasilitetar.

For å knyte den nye transformatorstasjonen til Ertsmyra transformatorstasjon, er det naudsynt for Statnett og Agder Energi Nett å gjere tiltak i sine anlegg der.

NVE vurderer at dei elektriske anlegga som får konsesjon, ikkje vil gje særskilde verknadar for ålmenta og naturmangfaldet.

Meir informasjon om saka finn du på NVE sin nettstad

Kontakt

Solveig Willgohs, sakshandsamar
tlf: 22 95 92 45

Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef
tlf: 22 95 90 33