Tilrår slepp av minstevassføring i Hunnselva

NVE rår Olje- og energidepartementet å pålegge Vokks Kraft AS å sleppe minstevassføring frå inntaka til Breiskallen kraftverk og Åmot kraftverk i kommunane Gjøvik og Vestre Toten.

I vilkåra i konsesjonane som blei gjeve på 80-talet til Breiskallen, Åmot og Brufoss kraftverk var det opna for at minstevassføring kunne bli pålagt når forholda i Hunnselva var blitt betre.

NVE meiner at minstevassføringa må vere på 300 liter i sekundet i sommarhalvåret og 180 liter i sekundet i vinterhalvåret for begge kraftverka. Grunngjevinga for pålegget er omsynet til fisk, landskap/friluftsliv og vasskvalitet.

NVE vil ikkje rå til at det blir gitt pålegg om minstevassføring i Brufoss kraftverk. Her vil nytta ikkje stå i forhold til kostnadar og krafttap, då elva går i kulvert under riksveg 4 på denne strekninga.

NVE kan seinare gje pålegg om biotoptiltak i elva dersom dette vil betre tilhøva for fisk ytterlegare.

 

Les NVEs brev til Olje- og energidepartementet her

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt 
tlf.: 22 95 93 89/901 98 216