NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Jørpeland Kraft AS nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn i Strand kommune i Rogaland fylke.

På bakgrunn av søknad frå Jørpeland Kraft AS, har NVE handsama sak om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn i Jørpelandsvassdraget.

NVE rår til at det blir gjeve nytt manøvreringsreglement for reguleringa av Dalavatn. NVE meiner dei tilråda reguleringsgrensene ikkje medfører vesentlege endringar i forhold til den reguleringa som har vært praktisert i Dalavatn. Reguleringsgrensene for dei andre magasina i vassdraget er samstundes tilrådd endra med kotehøgder etter landsomfattande høgdesystem.

Les meir om endring av manøvreringsreglementet for Dalavatn