NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Andøy Energi AS nye konsesjonsvilkår for Bleksvatn reguleringsmagasin i Storelva ved Lorvik i Andøy kommune i Nordland fylke.

På bakgrunn av krav frå Andøy jeger- og fiskeforening har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Bleksvatn reguleringsmagasin.

NVE rår til at det blir gjeve nye oppdaterte konsesjonsvilkår for magasinet, og at det skal påleggast installasjon av automatisk omløpsventil i kraftverket av omsyn til fisk i vassdraget.

NVE tilrår ikkje slipp av minstevassføring i Storelva eller fiskepassasje forbi dammen ved Bleksvatn, da fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Bleksvatn.