Tilrår konsesjon for Hellefoss kraftverk - NVE

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Hellefoss Kraft AS konsesjon for Hellefoss kraftverk i Øvre Eiker kommune i Buskerud fylke.

Hellefoss kraftverk blei innkalla til konsesjonshandsaming, og no har NVE handsama søknaden frå Hellefoss Kraft AS om konsesjon for vidare drift av kraftverket. Kraftverket har ein installert effekt på 11,4 MW og ein årsproduksjon på om lag 81 GWh.

NVE rår til at det blir gjeve konsesjon for vidare drift av kraftverket.

NVE rår til at det skal sleppast vatn for at laks og sjøaure kan finne og bruke fisketrappa. NVE rår og til at Hellefoss Kraft ut frå ein godkjent plan skal lage ei utgreiing om sleppet av vatn.NVE rår vidare til at ein i særeigne situasjoner kan tappe inntaksdammen med inntil 50 cm under normal vasstand for å hindre rask senking av vasstanden nedstraums kraftverket og stranding av fisk. NVE rår endeleg til at det skal etablerast ordning for at fisk kan vandre forbi dammen på veg nedover vassdraget.

Les meir om innkalling til konsesjonshandsaming for Hellefoss kraftverk.