Publisert 12.06.2017

Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn i Telemark og Aust-Agder

NVE gjev Jernes Fisk (SUS) løyve til regulering og uttak av vatn frå Leivann i kommunane Kragerø og Risør, i fylka Telemark og Aust-Agder. Vatnet skal brukast til produksjon av settefisk.

Det planlagde settefiskanlegget vil produsere 1 million smolt og 5 millionar yngel årleg.

Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 200 liter i sekundet og ei regulering av Leivann mellom 5,25 meter over havet og 5,7 meter over havet. I vedtaket er det teke omsyn til interesser knytt til anadrom fisk, ved at det er stilt vilkår om at vassdraget skal opnast for anadrom fisk. Det er ikkje sett krav om minstevassføring.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde settefiskanlegget på fastsette vilkår.

Les meir om saka

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Gry Berg,
tlf. 22 95 92 20 / 41 29 30 86

Saksbehandlar Bård Ottesen,
tlf. 22 95 95 28 / 93 06 74 34