Publisert 02.07.2020

Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn i Hyllestad kommune

Settefiskanlegg får løyve til regulering og uttak av vatn i Hyllestad kommune

Salbu Produksjon AS skal bygge eit nytt settefiskanlegg ved Salbu. Ved hjelp av resirkuleringsteknologi skal dei produsere inntil 1200 tonn/4,5 millionar laks.

Det er gjeve løyve til å ta ut inntil 167 l/s (10 m3/min) frå Kviadammen på kote 15 i Salbuelva. Ramsgrøvatnet kan regulerast mellom kote 143,3 (LRV) og kote 145,0 (HRV). Vatnet skal sleppast frå Ramsgrøvatnet via Salbuelva til inntaksdam ved Kvia.

Krav skal sikra miljøet

NVE har sett krav om minstevassføring heile året av omsyn til mellom anna sjøaure og ål. Det skal sleppast ei minstevassføring på 55 l/s frå Ramsgrøvatnet og 100 l/s frå inntaksdam ved Kvia. Det er også sett som krav at sjøaure og ål skal kunne passere inntaksdammen ved Kvia.

Vil du vita meir?

Meir informasjon om saka finn du her

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Gry Berg,                                            epost: gbe@nve.no

Sakshandsamar Bård Andreas Selstad Ottesen,         epost: baso@nve.no