Publisert 11.02.2021

Revisjon av konsesjonsvilkår for Tokke-Vinjevassdraget i Vestfold og Telemark

Kommunane Tokke og Vinje har gått saman om samla krav til miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av reguleringane i Tokke-Vinjevassdraget. På grunnlag av krava har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for desse reguleringane og tilrår ei rekkje endringar. 

NVE anbefalar fisketrapp i Helvetesfossen i Tokkeåi. foto: NVE

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Statkraft Energi AS som er konsesjonær for reguleringane. 

Minstevassføringar og andre miljøforbetrande tiltak  

Eit prioritert krav frå kommunane er tiltak for å betre tilhøva for storaurebestanden i Tokkeåi, som er sterkt påverka av reguleringane. Ut frå føreliggjande kunnskap om storauren og påverknadenetilrår NVE bygging av ein fiskepassasje i Helvetesfossen og slepp av minstevassføring heile året frå Vinjevatn til Tokkeåi. Tiltaka vil opne opp for 8 km nye potensielle gyte- og oppvekstområde ovanfor fossen, og vere eit viktig bidrag til å sikre ein levedyktig storaurebestand. I tillegg rår NVE til at det skal sleppast minstevassføring frå Byrtevatn til Mosåi/Rukkeåi i sommarperioden. Auka vassføring vil òg ha nytteverdi for fleire andre viktige miljø- og brukarinteresser i vassdraga 

I dei nedre delane av Tokkeåitilrår NVE montering av ein omløpsventil i Lio kraftverk og at Statkraft sin frivilligpraksis for sakte nedkjøyring av kraftverket blir tatt inn i manøvreringsreglementet. Vidare føreslår NVE reglar for vassføringar i Tokkeåi målt ved Elvarheim. Tiltaka vil redusere risikoen for tørrlegging av gyte- og oppvekstområde og stranding av fisk i elva nedstraums Helvetesfossen. 

NVE foreslår vidare at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for biotoptiltak med prioriteringar av vassdragsavsnitt i Tokke-Vinjevassdraget, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar.  

Reglar for vasstand i magasin 

NVE rår til at gjeldande restriksjonar på manøvreringa av Totak og Byrtevatn blir vidareført i nytt manøvreringsreglement, og at dei sjølvpålagte magasinrestriksjonane som Statkraft i dag praktiserer i Totak og Ståvatn blir formalisertFøremålet med restriksjonane er å sikre tilstrekkeleg vasstand i desse magasina av omsyn til landskap og brukarinteresser 

NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa i et fleirtal av magasina i reguleringsområdet av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. Av den grunn, meiner NVE at det ikkje bør innførast restriksjonar på manøvreringa i andre magasin, ut over dei som er omtala ovanfor  

Fond for fremme av fisk, vilt og friluftsliv 

For fleire av vassdragsområda og magasina som blir påverka av reguleringane er det vanskeleg å finne gode avbøtande tiltakDerfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 200 000 kr årleg til eit fond, som skal brukast til å fremme fisk, vilt og friluftsliv i kommunane. 

– Vi har i vår tilråding til departementet forsøkt å balansere omsynet til storauren og viktige miljø- og brukarinteresser opp mot omsynet til kraftproduksjon, flaumdemping og fleksibilitet for dei store magasina. I denne saka har vi opplevd eit stort engasjement frå kommunane, interesseorganisasjonar og lokalbefolkninga som har kome med mange gode og nyttige innspel. I tillegg har tiltakshavar bidratt med mykje informasjon, og det er utarbeidd ei rekkje fagrapportar. NVE sine vurderingar bygger soleis på eit godt og omfattande kunnskapsgrunnlag, seier Rune Flatby, direktør for Energi- og Konsesjonsavdelinga. 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka. Les meir om innstillinga her.

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby, 
tlf. 416 78203.  

Seksjonssjef Carsten Jensen
tlf. 908 50206.