Revisjon av konsesjonsvilkår for Røssågavassdraget i Nordland - NVE

Dei tre kommunane Hemnes, Hattfjelldal og Grane, har gått saman om samla krav til miljøforbetrande tiltak i vatn og vassdrag som blir påverka av reguleringane i Røssågavassdraget. På grunnlag av desse krava, har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for desse reguleringane.

Røssvatn i Nordland. Foto: NVE

NVE har sendt ei tilråding til Olje- og energidepartementet, der ein rår generelt til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringane. Dette gir moglegheit til å pålegge ulike miljøforbetrande tiltak, utanom vassføring og vasstand, i heile konsesjonstida.  

Miljøforbetrande tiltak for fisk og fugleliv

Reglar for mellom anna vassføring og vasstand i magasin, blir fastsett i revisjonssaka. Statkraft Energi AS er konsesjonær og har allereie lenge praktisert ei minstevassføring i Nedre Røssåga på 30 m3/s. Dei har òg praktisert reglar for drifta av Nedre Røssåga kraftverk, som gjer at vasstanden i elva ikkje endrar seg for raskt, av omsyn til laks og sjøaure. NVE meiner at denne praksisen har vært god, og viktig for å avgrense negative miljøverknader av kraftverksdrifta. For å sikra at denne praksisen føljast vidare, rår NVE til at desse reglane blir tatt inn i manøvreringsreglementet.

Det vert òg tilrådd at det sleppast samanhengande høg vassføring over tre døgn i mai/juni av omsyn til smoltutvandringa. For Stormyrbassenget rår vi til at vasstanden skal haldast stabilt høg i hekkeperioden til fugl, som hekker i strandsona.

Fond for fisk, vilt og friluftsliv

Reguleringane, med tilhøyrande kraftverk, er viktige for kraftsystemet i regionen, og anbefalinga om nye restriksjonar er vurdert i lys av det. For Røssvatnet sin del, vil restriksjonar for manøvreringa gå ut over reguleringsmoglegheitene, som er viktige for forsyningssikkerheit i regionen. Derfor tilrår NVE ikkje krav til sommarvasstand eller andre magasinrestriksjonar i Røssvatn.

For eit reguleringsmagasin som Røssvatn er det vanskeleg å finne gode tiltak for å betre miljøforholda. Derfor rår NVE til at Statkraft påleggast å betale 150 000 kr årleg til eit fond, som kan brukast til gode tiltak for fisk, vilt og friluftsliv i kommunane. 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka.

Les meir om innstillinga her.