NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
Firdakraft fekk konsesjon 7. juli 1967. Da blei Insteelva og Kringsjåvatnet overført til Bjørndalsvatn. Vatnet overførast via ei 2,5 km lang tunnel, og nyttiggjerast i Bjørndalen og Øksenelvane kraftverk. Firdakraft planlegg nå eit nytt kraftverk, Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå inntaket i Insteelva til Store Øksendalsvatn. Tiltaket skal i stor grad bruke eksisterande vassveg, men vil føre med seg nytt bekkeinntak og sperredam i Insteelva, og ein ny vassveg frå den eksisterande overføringstunnelen til det nye kraftverket.
Kraftverket vil få ein installert effekt på 8,7 MW, og forventa årleg produksjon er 26,5 GWh. Produksjonen i Bjørndalen vil bli redusert som følgje av tiltaket, men Firdakraft bereknar vassdragets samla kraftproduksjon til å auke med 13,1 GWh per år. Dette er det årlege straumforbruket til om lag 650 bustader.
Tiltaket fører ikkje til nye nemneverdige konsekvensar for vassdraget
Området er allereie påverka av vassdragsutbygging gjennom regulering og overføring av vatn, og ved tilhøyrande infrastruktur som vegar dammar, kraftstasjonar og kraftlinjer.
Dei påverka vassdraga har bestandar av aure, og det er ikkje krav om slepp av minstevassføring. NVE meiner det er sannsynleg at elvestrekningane, og livet i desse, har tilpassa seg ein situasjon med mindre vatn enn det som var tilfellet før regulering.
– NVE vurderer at aure og anna naturmangfald i vassdraget ikkje vil påverkast nemneverdig av tiltaket. Firdakraft kan derfor gjennomføre tiltaket i tråd med gjeldande konsesjon. Insteelvane kraftverk vil bidra til betre utnytting av vassressursane i eit allereie regulert vassdrag, seier Håkon Berg Sundet, fagleiar i NVE.