Publisert 01.12.2021 , sist oppdatert 02.12.2021

NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Uvdalsvassdraget

Nore og Uvdal kommune har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i vatn og elvar som blir påverka av reguleringa av Uvdalsvassdraget. På grunnlag av krava har NVE gjennomført ei revisjon av konsesjonsvilkåra for reguleringa og tilrår visse endringar.

Foto: NVE

NVE har sendt innstilling til Olje- og energidepartementet, der ein rår til at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Dei nye vilkåra gir styresmaktene moglegheit til å pålegge ulike undersøkingar og avbøtande tiltak, i heile konsesjonstida. Det er Skagerak Kraft som er konsesjonær for reguleringa. 

NVE rår og til at det skal sleppast minstevassføring i Jønndøla. Ei minstevassføring vil hovudsakeleg betre forholda i Jønndøla, både biologisk og landskapsmessig, men vil og sikre meir vatn i Uvdalselva. NVE legg vekt på at Jønndalen er eit mykje brukt område både sommar og vinter og ein innfallsport til Hardangervidda. Elvestrekninga ligg nær veg, stølar og i eit område som er mykje nytta til friluftsformål.

NVE meiner det er viktig å oppretthalde god reguleringsevne og fleksibilitet i manøvreringa av Sønstevatnmagasinet av omsyn til kraftproduksjon og flaumhandtering. Av den grunn meiner NVE at det ikkje bør innførast restriksjonar på manøvreringa i Sønstevatn.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka. Les meir om innstillinga her.

Kontakt

Carsten Jensen, seksjonssjef
tlf. 90 85 02 06

Eilif Magnus Brodtkorb, sakshandsamar
tlf. 95 12 89 11