NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sira Kvina kraftselskap AS løyve til å bygge om tunellinntaket i Eivindsvatn i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.

Sira Kvina kraftselskap ynskjer å bygge om eit inntak i Eivindsvatn for å auke kapasiteten i eksisterande overføring til Nesjen. Vatnet som overførast blir nytta i Solhom kraftverk, og tiltaket vil auke produksjonen i kraftverket med 4,2 GWh/år.

Dei negative konsekvensane er knytt til lågare vassføring frå Eivindsvatn til Austdøla, og risiko for auka erosjon nedstraums overføringstunellen mot Landsløkbekken. Det vil òg vere midlertidig støy i anleggsfasen.

NVE meiner at ombygging av inntaket i Eivindsvatn får avgrensa effekt på miljøet og landskapsopplevinga når anleggsperioden er over. NVE legg vekt på at planendringa vil bidra til fornybar energiproduksjon, ved betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om planendring for overføring av Eivindsvatn her.