NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sira Kvina kraftselskap AS løyve til å overføre vatn frå Vestre Melraktjødn til Heimre Flogvatn i Sirdal kommune i Vest-Agder.

Sira Kvina kraftselskap ynskjer å overføre nedbørsfeltet til Vestre Melraktjødn i Siravassdraget via tunell til Heimre Flogvatn i Kvinavassdraget. Overføringa er planlagt nytta i eksisterande anlegg, og inneber ingen nye kraftverk eller reguleringsmagasin. Overføringa vil auke produksjonen av regulerbar kraft i eksisterande kraftstasjonar med 7,7 GWh, som svarar til straumbruken til om lag 380 husstandar.

Dei negative konsekvensane er knytt til fysiske inngrep, og lågare vassføring i Jonsbekken nedstraums Vestre Melraktjødn. NVE meiner at overføringa får avgrensa effekt på miljøet og landskapsopplevinga når anleggsperioden er over. NVE tilrår slipp av minstevassføring i Jonsbekken.

NVE legg vekt på at overføringa er eit opprustings- og utvidingsprosjekt som vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag. Tiltaket er etter NVE sin vurdering eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om overføring av Vestre Melraktjødn