NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje SFE Produksjon AS løyve til å byggje og drive Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje om lag 143 GWh/år ny, fornybar energi. Dette svarar til straumbruken til nærare 7150 husstandar.

Gjengedal kraftverk vil nytte eit fall på 326 m i Gjengedalsvassdraget, mellom inntaket på 477 moh. og kraftstasjon på 151 moh. Vassvegen på om lag åtte kilometer er planlagt i tunnel på heile strekninga frå Dalevatnet til utløpet nedafor Gjengedalsfossen. Dette svarer til alternativ 2 i søknaden.

Minstevassføring

Fossesprøyten frå Gjengedalsfossen skapar den særleg verdfulle naturtypen fosseeng/fosseberg. Naturverdien er i hovudsak knytt til stor artsrikdom, med mellom anna meir enn 200 mosearter. Fosseenga ved fossen har også den største kjende lokalitet av Skoddemose i Noreg. Denne mosearten er registrert som sårbar i Norsk raudliste. Det er få kjende funn av denne mosearten, som er 2-3 mm høg, i moderne tid. Mørketala er truleg store.

Av omsyn til naturtypen fosseeng/fosseberg og fossen som landskapselement, har NVE i si tilråding lagt vesentleg vekt på slepp av minstevassføring og at ein viss vassføringsdynamikk skal behaldast i Gjengedalsfossen. NVE har av den grunn satt som føresetnad at Storevatnet ikkje blir regulert, og at målestad for slepp av minstevassføring blir flytt opp til Dalevatnet. Restvassføringa frå eit nedbørfelt på 22 km2 vil difor ikkje bli målt som ein del av minstevassføringa ved fossenakken på Gjengedalsfossen.

NVE meiner at slepp av ei minstevassføring frå Dalevatnet på 2,4 m3/s saman med restvassføringa, vil gjere at noko av fossesprøyten behaldast også i tørre periodar. Dei store flommane vil i liten grad endre seg frå i dag, noko som og vil bidra til å bevare fuktkrevjande arter.

Med desse tiltaka kan ein forvente at naturtypen fosseeng/fosseberg vil være tilstade også  etter ei mogeleg utbygging, men i ei noko mindre utstrekning enn i dag. Landskap og friluftsinteresser vil i stor grad bli ivareteke av minstevassføringa.

Laks og sjøaure

Gjengedalsvassdraget er eit viktig vassdrag for laks og sjøaure. NVE har av den grunn lagt vekt på at utløpet til kraftstasjonen skal plasserast ovanfor viktige gyteområde, at omløpsventil med tilstrekkeleg kapasitet må installerast, og at inntak og utløp utføres på ein slik måte at ein ikkje får gassovermetning i vatnet.

NVE meiner at med desse avbøtande tiltaka, vil dei samla fordelane ved Gjengedal kraftverk vere større enn skadane og ulempene. NVE legg vekt på at ei utbygging av Gjengedal kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa negative miljøeffektar.

Ny kraftleidning

NVE rår og Olje- og energidirektoratet til å gje SFE nett løyve til å byggje ny 132 kV kraftleidning på 28 km fram til Storebru, og ny transformatorstasjon ved Skogheim. Leidninga byggast best etter alternativ A-2-1, A-2, B-1-2, B-1, C-2, D-1 og D-1-2.

Nettanlegga legg og til rette for å tilknytte småkraftproduksjon som er konsesjonsgjeven og konsesjonssøkt i området.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.


Les meir:

Gjengedal kraftverk

Kraftleidning Gjengedal-Storebru