NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Fardal Energi AS løyve til å byggje Fardalen kraftverk i Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil produsere om lag 49,5 GWh i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 2500 husstandar.

Fardalen kraftverk vil nytte eit fall på 444 meter i Fardalselva mellom inntak på 485 moh. og kraftstasjonen på 41 moh. Vassvegen vil ligge i tunnel.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Fardalen kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for naturmangfaldet i og langs elva. Med slepp av minstevassføring og med stasjonsplassering som i alternativ 2 vil desse ulempene etter vårt syn vere akseptable.

Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser. Vi rår difor til at Fardalen kraftverk får løyve.

Les meir om Fardalen kraftverk