Publisert 26.06.2025

NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget

NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.

NVE tilrår heilårleg minstevassføring i Bondøla. Foto: NVE

Arendals Vasdrags Brugseierforening (AVB) fekk løyve til å regulere Finndølavassdraget i 1961. No har NVE behandla vilkårsrevisjonen for vassdraget. Krava om revisjon kom frå Fyresdal og Valle kommunar, og gjeld først og fremst heilårleg minstevassføring i elva, og minste sommarvasstand i det største magasinet, Torsdalsmagasinet.

Det største kraftverket i reguleringsområdet er Finndøla kraftverk. Kraftverket produserer rundt 307 GWh straum i året. Dette er det årlege forbruket til om lag 15 000 hushald.

NVE tilrår også at målepunktet for vassføringa flyttast, noko som gir AVB betre styring og kraftproduksjonen kan auke med inntil 3 GWh årleg. NVE meiner dette gjer betra forhold for både miljø og kraftproduksjon.

Minstevassføring i Bondøla vil skape gode forhold for gytinga og oppveksten til fisken

Bondøla er eit av dei største sidevassdraga til Finndøla, og er gyteområde for auren som lever og veks seg stor i Fyresdalsvatnet på sommaren. Også siken i Fyresdalsvatnet har gytevandring opp i Bondøla. Minstevassføringa som NVE tilrår krav om, vil gje betre forhold for fisk, men også for botndyra i elva.  

–Konsesjonen frå 1970 inneheld krav om minstevassføring, men berre om sommaren. På vinteren kan Bondøla bli heilt tørrlagt. Av omsyn til auren, sik og botndyr tilrår derfor NVE ei heilårleg minstevassføring, seier Carsten Jensen, seksjonsleiar i NVE.

NVE meiner at tiltaka vil bidra til å nå miljømåla for rørde vassførekomstar. NVE meiner magasinrestriksjonar vil føre til ulemper for kraftverket i form av redusert fleksibilitet og regulerbar kraft. Disse ulempene er større enn fordelane som restriksjonane kan ha for miljø, landskapsbilete og friluftsliv. NVE tilrår derfor ikkje magasinrestriksjonar.

NVE tilrår støtte til lokalt villreinfond

Reguleringa av vassdraget påverkar villreinen. NVE tilrår derfor at AVB betaler 2 millionar kroner til villreinfondet for Setesdal Austhei. Pengane vil kunne bidra til undersøkingar og tiltak for å bevare villreinen i området.

Med revisjonen blir også nye standardvilkår om naturforvaltning innførte. Dei nye standardvilkåra gir styresmaktene rett til å pålegge AVB undersøkingar og tiltak for betre miljøforhold i vassdraget.

Vidare saksgang

No når NVE har sendt si innstilling til Energidepartementet (ED), vil departementet sluttbehandle saka. Dersom nokon av partane har ny informasjon til innstillinga, kan dei sendast til ED på postmottak@ed.dep.no innan 29. august 2025. ED har tilgang på alle tidlegare dokument i saka, slik at det er berre nye høve eller dokument som bør sendast inn.

Kontaktar

Håkon Berg Sundet, fagleiar

E-post: hbsu@nve.no
Tlf. 905 30 984

Niklas Egriell, seniorrådgivar

E-post: nieg@nve.no
Tlf. 22959432