Vassdraget går gjennom kommunane Vestre Slidre, Vang, og Nord-Aurdal i Oppland, og Gol og Hemsedal i Buskerud.

På bakgrunn av krav frå kommunane Gol, Vestre Slidre, Vang, Hemsedal og Nord-Aurdal har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Åbjøravassdraget.
NVE tilrår fleire tiltak som etter vår meining vil betre miljøforhalda i Åbjøravassdraget.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gjev moglegheit til å pålegge ulike avbøtande tiltak.

Av omsyn til fisk fiske og landskap tilrår NVE vilkår om slepp av minstevassføring i Buaråni, Tisleia og Flya. For Tisleia og Flya tilrår NVE eit auka slepp av minstevassførings samanlikna med dagens slepp.

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring i Nøra eller Åbjøra og heller ikkje magasinrestriksjonar i Tisleifjorden, då fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

NVE tilrår å ikkje endre dagens magasinrestriksjonar for Flyvatn.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir her