Selskapet NorthConnect KS har søkt om løyve til å byggje ein ny straumkabel mellom Sima i Eidfjord kommune i Hordaland, og Peterhead i Skottland. NVE har sendt saka på høyring, og inviterer til informasjonsmøter i Bergen og Eidfjord måndag 5. mars.

Søknadane ligg til offentleg gjennomsyn i kommunehuset i Eidfjord kommune og på NVEs nettsider.

 

NVE inviterer til informasjonsmøter:

Måndag 5. mars kl. 11.00 på Clarion Hotel Bergen Airport (Flesland)

Måndag 5. mars kl. 19.00 i kultursalen i Eidfjord

 

Du vil få same informasjon på begge møta. NVE orienterer om sakshandsaminga, medan NorthConnect KS vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne!

 

NVE ynskjer innspel til planane innan 15. april 2018.

 

Bakgrunn

NorthConnect KS har søkt om løyve etter energiloven og havenergilova til å byggje ein ny straumkabel mellom Sima i Eidfjord kommune i Hordaland fylke, og Peterhead i Skottland. Det er søkt om løyve for å byggje og drive anlegga, og om løyve for å utveksle kraft med andre land.

Straumkabelen vert kalla «NorthConnect» og er planlagt med ein overføringskapasitet på 1400 MW. Olje- og energidepartementet (OED) er konsesjonsmyndigheit, men har bede NVE handsame og vurdere planane. NVE vil gje råd til OED, som vil fatte vedtak i sakene.

NorthConnect søkjer i medhald av oreigningslova om oreigning for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga. Det vil og seie rettar for all naudsynt ferdsle/transport. Samstundes søkjer dei om at oreigningsinngrep kan bli sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn.

 

Send innspel til NVE innan 15. april

Du kan sende uttale til saka på e-post til nve@nve.no, via nettskjema på www.nve.no/kraftledninger eller per post til: NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

NVE må ha uttalene innan 15. april 2018.

Nærare opplysningar om sakshandsaminga kan du få hos NVE v/ Kristian Marcussen, tlf. 22 95 91 86.