Statnett har søkt om løyve til å byggje ein om lag 6,4 km lang tunell for legging av nye 420 kV høgspentkablar mellom Sogn og Ulven transformatorstasjonar i Oslo. NVE har sendt søknaden på høyring og inviterer til informasjonsmøte onsdag 28. februar. Høyringsfrist er 28. mars.

Søknaden finn du på NVE sine heimesider her, og den vert lagt ut til offentleg gjennomsyn hos aktuelle bydelar og Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune.

NVE inviterer til informasjonsmøte:

Onsdag 28. februar kl. 19.00 på Ullevål stadion, inngang Sognsveien 75J (NFF). På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga og Statnett vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne.

 

Om søknaden

Statnett søkjer om konsesjon etter energilova for ein 6,4 km lang tunell med to sett 420 kV kablar. Tunellen er planlagt mellom 35 og 90 meter under markoverflata. Traseen går i tilnærma rett linje frå Sogn fram til kryssing av Akerselva ved nordenden av Lillogata, og vidare i rett linje til Statnett sitt anlegg på Ulven. Statnett planlegg tverrslag for uttak av massar ved Rektorhaugen på Tåsen og på Ulven. Kart over traseen ligg saman med søknaden på våre heimesider

Statnett grunngjev søknadAne med behov for å erstatte dei gamle 300 kV-kablane, som knyt saman  transformatorstasjonane i dag. Dei nye kablane er ledd i Nettplan Stor-Oslo, med føremål om å auke kapasiteten og styrke forsyningstryggleiken i Oslo-regionen.

Statnett søkjer òg om løyve etter oreigningslova for ekspropriasjon av naudsynt grunn og rettar for å byggje og drive anlegga. Oreigningssøknaden gjeld mellom anna erverv av volum i undergrunnen for tunell med tryggingssoner, rett til mellombelse anlegg ved Rektorhaugen på Tåsen og for naudsynt ferdsel/transport. Samstundes søkjer dei om førehandstiltreding, som inneber at oreigningsinngrep kan bli sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn.

Gje innspel til NVE innan 28. mars

Du kan sende fråsegn til saka på e-post til nve@nve.no, via nettskjema på www.nve.no/kraftledninger eller per post til: NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

NVE må ha fråsegna innan 28. mars 2018.

Nærare opplysningar om sakshandsaminga kan du få hos NVE v/ Arne Anders Sandnes, tlf. 22 95 92 18.