Publisert 08.04.2025

NVE legg til rette for heilskapleg behandling i Mågeli- og Tyssovassdraga

NVE har vedteke å opne vilkårsrevisjon i Mågeli- og Tyssovassdraga i Ullensvang kommune. Samtidig ber NVE om ein felles konsesjonssøknad for framleis regulering og overføring i same reguleringsområde. Målet er å få ei heilskapleg behandling av reguleringane i vassdraga.

Ringedalsmagasinet sett frå Trolltunga. Foto: NVE

AS Tyssefaldene fekk konsesjon for regulering og kraftproduksjon i Tyssovassdraget allereie i 1906. Då desse tidsavgrensa konsesjonane gjekk ut i 2008 og 2010, fekk Statkraft Energi AS midlertidige løyve frå Energidepartementet til å halde fram kraftproduksjonen i området. Nå ønskjer NVE ein felles konsesjonssøknad for konsesjonane som inngår i dei midlertidige løyva.

Kvart år bidreg dei ni kraftverka i Mågeli- og Tyssovassdraga med ein samla kraftproduksjon på 2 500 GWh, tilsvarande straumforbruket til 125 000 husstandar.

Offentleg eigarskap påverkar levetida på konsesjonane

Sidan den første konsesjonen i 1906 har reguleringssystemet utvikla seg stort. Når eit kraftselskap er offentleg eigd, er det ingen tidsavgrensingar på konsesjonane. Viss eit kraftselskap er hovudsakleg privateigd, vil konsesjonar ha ein utløpsdato, og må søkje om løyve på nytt.

Sidan AS Tyssefaldene ikkje var hovudsakleg offentleg eigd, var konsesjonane i området tidsavgrensa. Etter at Statkraft Energi AS overtok konsesjonane i 2008 og 2010, har det vore føresett at dei skal søkje om ein felles ny konsesjon for å halde fram kraftproduksjonen i området.  

Heilskapleg konsesjonsbehandling sikrar meir føreseieleg kraftproduksjon

I Mågeli- og Tyssovassdragene har i tillegg Statkraft Energi AS to eigne konsesjonar for regulering av Øvre Tyssevatn, Øvre Håvardsvatn, Nedre Håvardsvatn og Ringedalsvatn, og desse statsreguleringane har vilkår om revisjon.

- For å få ei heilskapleg forvaltning av vassdraga har NVE no vedteke at det skal gjennomførast ein vilkårsrevisjon for statsreguleringane. I tillegg må Statkraft Energi AS sende inn ein søknad om framleis regulering av dei tidsavgrensa konsesjonane som er overtekne frå AS Tyssefaldene, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.

Revisjonsdokumentet og konsesjonssøknaden skal sendast til NVE innan 30. juni 2026. Dersom Statkraft Energi AS skal søke om opprusting og utvidingar innanfor reguleringsområdet, ber NVE om at også desse søknadene blir sende inn samtidig.

- Sidan NVE her set i verk vilkårsrevisjonen på eige initiativ, ønskjer vi også å involvere kommunen, slik at dei kan fremje krav tidleg i prosessen, seier Jensen.

Etter at NVE har fått konsesjonssøknaden og revisjonsdokumentet, skal desse på høyring og offentleg ettersyn.

Kontakt

Håkon Berg Sundet, fagleiar

hbsu@nve.no

905 30 984