NVE har fastsett utgreiingskrav for ny kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsett utgreiingsprogram for ny kraftleidning i Kvinnherad, Ullensvang og Kvam kommunar. Programmet beskriv krav til tema og trasear, som må utgreiast før Statnett kan søkje om konsesjon.
Statnett planlegg oppgradering av eksisterande kraftleidning mellom Blåfalli, Mauranger og Samnanger. Eksisterande kraftleidning nærmar seg teknisk levetid, og må skiftast ut. Statnett har meldt eit hovudalternativ på strekninga med fleire delalternativ.
– Vi har bedt Statnett om å utgreie alle traseane dei sjølv har meldt inn. I tillegg har vi bedt Statnett utgreie fleire nye alternativ som høyringspartar har spelt inn, seier seksjonssjef i NVE, Ingrid Myrtveit .
Ber om utgreiing av sjøkabel og jordkabel forbi Baroniet i Rosendal
I høyringa av meldinga kom det tydeleg fram at mange partar har vore opptekne av påverknaden kraftleidningen vil gi på Baroniet i Rosendal, som er verna gjennom eiga forskrift.
– Høyringsinnspel gjer at vi ber Statnett om å greie ut både ein sjøkabel og ein jordkabel forbi Rosendal. Vi meiner at utgreiingane vil danne eit godt grunnlag for å vurdere kva løysing som blir best for Rosendal, og for samfunnet, seier Myrtveit.
Kablar har andre tekniske eigenskapar enn luftleidningar, og gjer at kraftsystemet blir meir utfordrande å drifte. NVE meiner likevel at det er behov for at Statnett utgreier verkingane av eit sånt alternativ. NVE ber og Statnett om å sjå på moglegheita for gjenbruk av eksisterande trasé på fleire strekningar
Vidare prosess
Neste steg i prosessen er at Statnett sender inn ein søknad med konsekvensutgreiingane. Deretter gjennomfører NVE ei ny høyring med moglegheit for å gi innspel til det Statnett søkjer om. NVE vil basert på høyringa og eigne vurderingar, avgjere kva trasé Statnett får løyve til å byggje.