NVE gjev Statnett løyve til å oppgradere Ørsta transformatorstasjon
Statnett SF får konsesjon til oppgradering av Ørsta transformatorstasjon i Møre og Romsdal. NVE gjev òg løyve til å etablere ei kai i Sæbø, for transport av den nye transformatoren.
– Oppgradering av transformatorstasjonen vil bidra til økt forsyningstryggleik i området og leggje til rette for ny næringsverksemd, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.
Løyve gjeld ei utviding av eksisterande stasjonsareal med om lag 600 kvadratmeter og ei ny transformatorcelle. Statnett skal òg justere traseen til 420 kV leidningen over ein strekning på om lag 450 meter, inn mot Ørsta stasjon.
I tillegg har Statnett fått løyve til å etablere ei ny kai i Sæbø, transportveg frå kaien til fylkesveg 655, og tiltak for ras- og flaumsikring nordaust for stasjonen.
Verknader for miljø og samfunn
I denne saka vurderer NVE at tiltaket vil føre til avgrensa verknader for miljø og samfunn. NVE meiner dei fleste negative verknadene vil vere knytt til anleggsperioden, særleg for naturmangfald og friluftsliv. Dette inneberer mellom anna økt aktivitet og støy i nærleiken av viktige område for sjøfugl og fisk ved bygging av kaien. Det gjeld og anleggsarbeid i friluftsområdet ved Ørsta transformator og i Sæbø.
For å redusere dei negative verknadene har NVE sett vilkår om at Statnett lagar ein detaljplan for anleggsfasen. Her skal dei gjer greie for omsyn til natur og miljø. NVE har mellom anna sett vilkår om tiltak som gjer at gang- og sykkelvegen gjennom riggområdet på Sæbø kan nyttast i anleggsperioden, og at det skal nyttas siltgardin ved arbeid i sjø, for å skjerme eventuelle førekomstar av ålegras.