Publisert 19.05.2021

NVE gjev løyve til ny kraftleidning mellom Hopen og Saltstraumen

NVE har gjeve Arva AS løyve til å bygge ein om lag 13,5 km lang 132 kV kraftleidning i Bodø kommune i Nordland. I tillegg gjev NVE løyve til ei 1 km lang 132 kV kraftleidning frå mastepunkt ved Nakken til Saltstraumen transformatorstasjon og ny Saltstraumen transformatorstasjon. Den nye 132 kV leidninga vil erstatte dagens 132 kV og 66 kV leidningar mellom Hopen og nye Saltstraumen transformatorstasjonar.

Visualisering av fjordspennet over Sveet. Illustrasjon: Arva AS

Grunngjevinga for vedtaket er at dagens kraftleidningar er gamle, og nær nådd tekniske levetid. Det er difor nødvendig å fornya desse. Vidare vil tiltaka auke nettkapasiteten, som vil betre forsyningstryggleiken og leggje til rette for ny fornybar kraftproduksjon.

Den nye leidninga vil gå i same trasé

Den nye 132 kV-leidninga skal erstatte dagens 132 kV og 66 kV leidningar. Begge desse leidningane skal fjernast. Den nye 132 kV leidninga skal i hovudsak etablerast parallelt med, og på sørsida av dagens 132 kV og 66 kV-leidningar.

Saltstraumen transformatorstasjon skal byggjast ved Hestlidalen, og vil erstatte Gillesvåg transformatorstasjon som skal fjernast. I samband med ny transformatorstasjon er det gjeve løyve til ein 970 meter lang tilkomstveg.

Til saman skal om lag 29 km med regionalnettsleidning fjernast, noko som er dobbelt så mykje som det som byggjast nytt. NVE vurderer at dette totalt sett vil vere positivt for areal og miljø, og at den totale nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser. NVE finn difor at det er grunnlag for å gje løyve til tiltaka.

Les meir om sakene på NVE sin nettstad.

Kontaktpersoner

Lisa Vedeld Hammer, seksjonssjef
Tlf: 22 95 90 33
E-post: liha@nve.no

Anette Ødegård, sakshandsamar
Tlf: 22 95 92 69
E-post: anod@nve.no