Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 11.02.2022

NVE gjev løyve til ny jordkabel i Sør-Fron

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Vevig AS løyve til å byggje jordkabel mellom Harpefoss kraftstasjon og Sør-Fron transformatorstasjon. Den eksisterande luftleidninga vil verte riven og erstatta av ein jordkabel.

Dagens leidning over Harpefossjuvet skal rivast (Foto: Multiconsult)

Nettet i området må fornyast fordi anlegga er gamle og i dårleg stand. NVE meiner at ein jordkabel er den totalt sett beste løysinga for samfunnet. Kostnadane for jordkabel er om lag lik kostnadane for luftleidning, og jordkabel er ein betre løysing for friluftsliv og kulturmiljø.

NVE har òg gitt Vevig ekspropriasjonsløyve for bygging og drift av dei nye kablane.

Her skal kraftkablane byggjast

Vevig har fått løyve til å byggje ein 66 kV jordkabel frå Harpefoss kraftstasjon til Sør-Fron transformatorstasjon. Kabelen vil vere om lag 4,7 km lang og skal gravast ned langs Kongsvegen og Sigurdsvegen gjennom Harpefoss sentrum. Deretter vil den gå under dyrka mark sør for Omformarvegen og krysse Meierivegen nord for Breivegsbrua. Ein skal rive luftleidninga som i dag går sør for Harpefossen og kryssar Harpefossjuvet på tre stader.

Vilkår for utbygginga

Vevig skal utarbeide miljø-, transport- og anleggsplanar før arbeida kan starte. NVE har satt vilkår for utbygginga, som skal redusere dei negative verknadene for innbyggjarar og natur.

Det er mellom anna vilkår for å tryggje kulturminne, hindre spreiing av framande artar og tryggje oppvekstområde for storaure. Det er og sett vilkår om at planen skal drøftast med grunneigarar og Statsforvaltaren der jordkabelen skal gå over dyrka mark.

Les meir om saka på våre nettsider.  

Kontakt

Lisa V. Hammer, seksjonssjef
tlf. 41 90 65 23

Tor Carlsen, sakshandsamar
tlf. 45 73 84 08