NVE gir Skagerak Kraft AS løyve til å bygge Dalsfos kraftverk Øst i Kragerø kommune i Telemark.

Produksjonen av vasskraft skal overførast frå det gamle Dalsfos kraftverk frå 1907 til det nye Dalsfos kraftverk Øst. Det nye anlegget er planlagd på den andre sida av elva. Det gamle kraftverket som er i dårlig teknisk forfatning, vil bli teke vare på som kulturminne.

Det eksisterande drifts- og kjøremønster verdt oppretthaldt, og det nye kraftverket vil få ei auka årleg produksjon på 6,4 GWh i ny fornybar og regulerbar energi. Dette svarar til straumbruken til nærare 320 husstandar.

Problemstillingane er primært knytt til forholdet til den gamle, verneverdige kraftstasjonen og eigedomsforhold. Det har blitt retta krav om at det skal leggast til rette for ein eventuell seinare reetablering av anadrom fisk, og avbøtande tiltak for å ta hand om ålevandringa i vassdraget.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Dalsfos kraftverk Øst på fastsette vilkår.

Les meir om løyve til Dalsfos kraftverk Øst på nve.no