NVE gir løyve til å legge ned Kongens dam - NVE

NVE gir Vestviken Utvikling AS løyve til å legge ned Kongens dam i Bamble kommune. Det er utan hell forsøkt å finne løysingar for å overføre ansvaret for rehabilitering og vidare drift av dammen til andre.  

Kongens dam i Bamle kommune. Foto:NVE.

Dammen oppfyller ikkje krava i damsikkerhetsforskriften, og behovet for oppgradering gjer det derfor nødvendig med ei avklaring. Slik situasjonen er i dag står nedlegging fram som einaste løysning. Vassressurslova er tydeleg på at det skal givast løyve til nedlegging dersom ikkje særlege grunner taler imot. Dette er utgangspunktet for at NVE no har gitt løyve.   

Hellestvedtvatnet vil som følge av at dammen blir lagt ned få ca. 8,5 meter lågare normalvasstand. NVE har sett vilkår i konsesjonen for å avbøte nokre av ulempene tiltaket har for allmenne interesser.  

Har forsøkt å finne løysingar  

I samsvar med regelverket kan dammen verte overdratt til andre om det er store interessert for å oppretthalde dagens tilstand.

Tiltaket vil etter NVE sitt syn påverke delar av vernegrunnlaget i verneplan for Herrevassdraget. Ved å legge ned dammen vil verneverdiar for vassdraget som landskaps-bilete, friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø bli negativt påverka. NVE erkjenner at den beste løysinga ville vere at Kongens dam blir sett i stand, slik at den framleis kan vere til glede og nytte for allmennheita. NVE har forsøkt å finne løysingar i samarbeid med kommunen og dam eigar, for å få nokon til å ta over ansvaret for rehabilitering og vidare drift. Det har vi ikkje lukkast med.   

NVE opplyser om at det er tre vekers klagefrist frå dato for offentleggjeringa av vedtaket. Ein eventuell klage skal stilast til OED, men sendast til NVE.  

Les meir om konsesjonen her.