Publisert 13.06.2025

NVE gir løyve til å bygge vasskraftverk i Sunnfjord

Bergselva Bygstad kraft AS har fått konsesjon til å bygge Bergselva kraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på 6,2 GWh, som svarar til straumforbruket til om lag 310 husstandar. NVE har stilt vilkår for å redusere dei negative konsekvensane for friluftslivet og naturmangfaldet i området.

Foto: Malin Solheim Olsen/NVE

Bergselva kraftverk vil utnytte eit fall på 358 meter i Bergselva. Utbygginga kan ha negative konsekvensar for friluftslivet og naturmangfaldet i området. Etter NVE si vurdering er det mogleg å redusere dei negative konsekvensane ved å legge til rette for friluftslivet i anleggsperioden, slepp av minstevassføring i elva, og redusert slukeevne i kraftverket.

NVE stiller krav for utbygginga av omsyn til naturmangfald

Ei utbygging av Bergselva vil påverke naturtypen «fossepåvirket berg» ved Skormafossen. Naturtypen omfattar den sårbare naturtypen «fosseberg», som har behov for ei vassføring som gir vassprut gjennom ein stor del av vekstsesongen.

For å ivareta nokre av flaumane og dei naturlege endringane i vassføringa ved Skormafossen, meiner NVE det er viktig å sikre fleire dagar med overløp over inntaket. NVE har derfor gitt løyve til Bergselva kraftverk med lågare slukeevne enn det vart søkt om.

–Vi meiner at slepp av minstevassføring og fleire dagar med overløp til en viss grad vil oppretthalde fosseberget sin økologiske funksjon, seier Carsten Jensen, seksjonsleiar i NVE.

Tiltakshavar må legge til rette for friluftsliv

Deler av tiltaket ligg i et viktig friluftsområde, og det går ei tursti langs Bergselva som passerer  Skormafossen. NVE har derfor satt krav om at tiltakshavar legger til rette for friluftslivet.

Fosser er viktige for friluftsliv, både som estetisk element og for naturopplevingar. NVE meiner ei slukeevne som ivaretar noko av dei naturlege vassføringsendringane i elva i Bergselva og Skormafossen vil vere positivt for friluftsinteressene i området, sidan fossen er synleg frå turstien.

–Med gode tilpassingar meiner NVE at ei utbygging av Bergselva kraftverk ikkje vil redusere moglegheitene for å utøve friluftsliv i området under eller etter utbygging, seier Jensen.

Kontakt

Ylva Bencze Rørå, fagleder ny vannkraft

Tel: 22959409

ybro@nve.no

 

Carsten Jensen, seksjonssjef

Tel: 90850206

csj@nve.no