NVE gir løyve til å bygge vasskraftverk i Luster
Luster Småkraft AS har fått konsesjon til å bygge Døsjagrovi kraftverk i Luster kommune i Vestland. Vasskraftverket vil produsere 16,8 GWh, som svarer til straumbruken til om lag 840 husstandar. NVE har stilt krav til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for landskapsoppleving, kulturminne og naturmangfald, og for å sikre at kraftverket kan byggast med tilstrekkeleg tryggleik mot skred.
Døsjagrovi kraftverk vil utnytte eit fall på 644 meter i elva Døsjagrovi. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 16,8 GWh. Kraftverket fekk løyve i 2014, men kraftverket ble ikkje bygd før byggefristen gjekk ut. Luster Småkraft AS søkte derfor på nytt, med endringar knytt til plassering av røyrgate og kraftstasjon.
NVE stiller krav for utbygginga av omsyn til kulturmiljøet og landskapet
Fleire mindre kraftverk har nytta Døsjagrovi tidlegare, og saman med Harastølen Sanatorium utgjer dei eit kulturmiljø.
Utbygginga vil redusere landskapsopplevinga, som følgje av røyrgatetraséen og redusert vassføring. I løyvet er det derfor lagt inn vilkår om revegetering og minstevassføring, som vil avgrense dei negative effektane. Det blei søkt om å fjerne dei gamle røyrgatene, men for å ivareta heilskapen i kulturmiljøet, stiller NVE krav om å ivareta delar av den gamle oppmura røyrgata.
– Med desse vilkåra meiner vi dei negative verknadene av kraftverket blir tilstrekkeleg redusert. Vi sikrar også at kraftverket blir bygd på ei trygg måte. Kraftverket vil bidra til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar, seier Carsten Stig Jensen, seksjonssjef for vasskraftkonsesjonar i NVE.
Må utgreie skredfare i anleggs- og driftsfasen
Delar av tiltaksområdet ligg innanfor aktsemdsområde for kvikkleire og faresone for skred, og NVE meiner det ikkje er tilstrekkeleg dokumentert at tiltaket verken kan bli utsett for eller utløyse skredhendingar. NVE stiller krav om at skredfare i anleggs- og driftsfasen skal utgreiast før Luster Småkraft AS sender inn detaljplan.