Publisert 08.04.2025

NVE gir løyve til å bygge vannkraftverk i Lyngdal

Lastad Kraft har fått konsesjon til å bygge Lastad kraftverk i Lyngdal kommune i Agder. Vasskraftverket vil årleg produsere 6,2 GWh, tilsvarande straumbruken til om lag 310 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for naturmangfaldet i området.

Lastadbekken på utbyggingsstrekninga. Foto: Hanne Torsdatter Petlund/NVE

Lastad kraftverk vil nytte eit fall på 156 meter i Lastadbekken. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 6,2 GWh. I behandlinga av saka var det klart at ei utbygging vil påverke naturverdiane i elva. Etter NVE si vurdering er det mogleg å redusere dei negative konsekvensane gjennom avbøtande tiltak.

–Med gode avbøtande tiltak kan dei negative verknadane for naturmangfald reduserast tilstrekkeleg. Det gjer at Lastad kraftverk vil bidra til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.

NVE stiller krav for å ta vare på ål og raudlista moseartar

NVE har stilt ei rekke krav både under byggeperioden, og etter at kraftverket er satt i drift. Det har vore viktig for høyringspartane at utbygginga tar omsyn til dei raudlista moseartene i Lastadbekken, og til vandringsmoglegheiter for ål.  Ålen er sterkt trua, og både elva og innsjøar ovanfor er potensielle leveområde. Av omsyn til føre var har NVE satt vilkår om fleire avbøtande tiltak, som til dømes ein løysning for sikker tovegs vandring.

Moseartane er avhengige av å få tilstrekkeleg fukt, og NVE meiner det er viktig å sikre fleire dagar med overløp for å ivareta noko av dei naturlege endringane i vassføringa. NVE stiller derfor krav om at kraftverket ikkje kan sluke så mykje vatn som det var søkt om.

NVE meiner vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfaldet til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Derfor gir NVE Lastad Kraft løyve til å bygge Lastad kraftverk.

Kontakt

Ylva Bencze Rørå, fagleiar ny vasskraft

E-post: ybro@nve.no

Tlf: 22 95 94 09