NVE gir løyve til å bygga ein testturbin i Gulen
Selskapet Georgine Wind AS får løyve til å sette opp ein vindturbin i eit industriområde i Gulen kommune. Dette er eit testprosjekt der målet er å bidra til teknologiutvikling for havvind.
Gulavind vindkraftverk består av ein vindturbin med ein forventa årleg straumproduksjon på 55 GWh (gigawatttimar). Dette svarar til årleg energibruk til omtrent 2750 norske hushald.
− Dette er den største vindturbinen som får konsesjon i Noreg. Det er samstundes det første vindkraftverket som får konsesjon inne i eit eksisterande industriområde, seier Ann Myhrer Østenby, seksjonssjef i NVE.
Turbinen som skal byggast er ein havvindturbin, som dei første fem åra skal gjennomføra ulike testar før den skal væra i ordinær drift i 25 år.
− Testing og drift av vindturbinen kan gi meir kunnskap om havvindturbinar, fortset Østenby.
NVE har gitt løyve til å byggje og drive ein vindturbin på inntil 275 meter totalhøgde, inntil 250 meter rotordiameter og ein samla installert effekt på inntil 18 MW (megawatt).
Vindkraft i industriområde
Vindturbinen er plassert i eit industriområde på Sløvåg som allereie er prega av industriaktivitet. Det gjer at dei direkte inngrepa frå vindturbinen kan bli lågare enn for andre vindturbinar. Samstundes må drifta av ein vindturbin i eit industriområde ta omsyn til sameksistens med eksisterande industri. NVE har vurdert konsekvensane av dette og funnet dei til å vera akseptable.
Gulen kommune har uttalt seg positive til at anlegget vert etablert.
Omsyn til miljø og naboar
For å motvirke negative verknadar for miljø og naboar, skal konsesjonær gjennomføra fleire avbøtande tiltak.
− Vi har stilt krav om at Georgine Wind AS må gjennomføra støymålingar og etterundersøkingar for blant anna fugl og flaggermus. Dersom verknadane er større enn venta må det gjennomførast tiltak som reduserer ulemper for natur og naboar, seier Østenby.
Før byggeprosessen startar, skal Georgine Wind AS også utarbeide ein detaljplan. Dette er ei detaljert beskriving av korleis anlegget skal byggast og drivast. NVE vil følge arbeidet tett og gjennomføra tilsyn og inspeksjonar både under bygging og etterpå.