Publisert 13.05.2025

NVE gir ikkje løyve til å bygge Hundsåna kraftverk i Sunnfjord og Askvoll

NVE avslår søknaden frå Hywer AS om løyve til å bygge Hundsåna kraftverk i Askvoll og Sunnfjord kommunar i Vestland fylke. Kraftverket ville ha redusert den regionalt viktige fossen Hundsåna, og ført til at ei sårbar naturtype ved fossen forsvinn.

Avrenning frå Blåfånna ved Hestvikvatnet. Foto: Malin Solheim Olsen/NVE

Hywer AS søker løyve til å bygge Hundsåna kraftverk i Askvoll og Sunnfjord kommunar. Kraftverket skulle utnytte fallet i Hundsåna til kraftproduksjon, og ville gitt ein årleg produksjon på om lag 9,4 GWh.

NVE meiner at ulempene for landskap og naturmangfald ved bygging av Hundsåna kraftverk er større enn fordelane, og avslår søknaden.

Ei utbygging av Hundsåna vil redusere ein viktig foss i fjordlandskapet

Hundsåna er ein regionalt viktig foss som er synleg i fjordlandskapet. Når vegen og vegbrua som ligg framfor fossen blir fjerna som ei følge av omlegging av veg til tunnel, vil fossen framstå med høgare verdi for landskapet. Eit kraftverk ville ha redusert vassføringa i fossen betydeleg, og svekka den som landskapselement.

-Utbygginga vil påverke ein regionalt viktig foss. Etter NVE si vurdering kan ikkje ulempene for fossen reduserast tilstrekkeleg med mildnande tiltak, seier Carsten Jensen, seksjonsleiar i NVE.

NVE ønsker å ta vare på sårbar naturtype

Ved fossen er det fosse-eng, ein naturtype som Noreg også har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på.

NVE meiner at varig redusert vassføring vil føre til at mesteparten av fosse-enga ved Hundsånafossen vil gå tapt. Etter NVE sitt syn må minstevassføringa aukast betrakteleg for å oppretthalde lokaliteten, noko som vil påverke lønnsemda til kraftverket.

-Fosse-eng er ei sårbar naturtype på grunn av vasskraftutbygging. Mykje av naturtypen ville forsvunne som følge av tiltaket. Det er ein av hovudgrunnane til at vi avslår Hundsåna kraftverk, seier Jensen.

Kontakt

Ylva Bencze Rørå

Fagleder ny vannkraft

Tel: 22959409

ybro@nve.no

 

Carsten Jensen

Seksjonssjef

Tel: 90850206

csj@nve.no