Clemens Kraft AS har søkt om løyve til å byggje Sandåa kraftverk i Halsa kommune i Møre og Romsdal. NVE har kome fram til at dei negative verknadane prosjektet er så store at søknaden om å byggje vasskraftverket får avslag.

Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på om lag 14,4 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 700 husstandar.

NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved planlagde Sandåa kraftverk. Dei negative effektane for landskap, brukarinteresser, friluftsliv og biologisk mangfald er samla store vurdert opp mot produsert kraft. NVE har lagt stor vekt på irreversible terrenginngrep og kva slags konsekvensar det har for landskapet.

Les meir om Sandåa kraftverk