NVE avslår søknaden om Tura kraftverk
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
Småkraft AS har søkt om å byggje eit vasskraftverk med produksjon på 7,38 GWh. Søknaden inneheld ikkje vesentlege endringar frå tidlegare planar, eller nye opplysningar, som endrar vurderingane i NVE sitt vedtak frå 2016 eller Energidepartementet sitt vedtak i klagesaka frå 2018.
– Tiltaket vil framleis ha negative verknader for verdifulle naturtypar og landskapsverdiar. Vi meiner at endringane i søknaden ikkje er tilstrekkelege til å avbøte desse konsekvensane. Derfor avslår vi søknaden utan ytterlegare behandling, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.
Vedtaket er gjort med heimel i vassressurslova § 8.