NVE avslår søknaden om å fylle igjen tre tjern i verna vassdrag
Selskapet North Sea Energy Park AS har søkt om å fylle igjen tre tjern i det verna Bjerkreimvassdraget i Rogaland. Årsaka er etablering av ein næringspark i Bjerkreim kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden av omsyn til verneverdiane i vassdraget.
– Bjerkreimsvassdraget er verna mot kraftutbygging, og andre inngrep som kan påverke verneverdiane. Omsynet til verneverdiane natur og landskap gjer at vi avslår søknaden om å fylle igjen tre tjern, seier Inga Nordberg, direktør i NVE.
Søknaden om gjenfylling gjeld Vindskartjørna og to mindre tjern i Hetlandskogen. North Sea Energy Park har og søkt om å etablere eit anlegg for overføring av overvatn til Villsbekken.
Vassdraget har store verneverdiar
– Bjerkreimsvassdraget er verna på grunn av svært store verdiar innanfor naturmangfald, kulturmiljø og friluftsliv. Sjølv om fordelane med industriparken kan vere store, kan vi ikkje gje konsesjon når omsynet til dei verna verdiane talar i mot, seier Nordberg.
Gjenfylling av vatn øydelegg sjølve vassdraget og alt liv i vatna innanfor tiltaksområdet. Det kan og påverke liv i bekkane utanfor området. I tillegg vil dei planlagde vassdraganlegga forringe eit område med kystlynghei og Hetlandskogens funksjonen for rovfuglar, som er verneverdiar knytte til biologisk mangfald.
Gjenfylling av vatn og landskapsendringar som gjer det nødvendig å etablere eit regulert anlegg for overvatn vil og føre til irreversibel øydelegging av delar av det såkalla
anortosittlandskapet. Bergarten anortositt gjæv landskapet ein særprega utsjånad, og representerer verneverdiar knytt til geologisk mangfald, friluftsliv og landskapsbilete i Bjerkreimsvassdraget.
Konsekvensar for vassføring
– I behandling av saka har vi lagt vekt på at gjenfylling av tre tjern vil endre den naturlegen vassføringa. Det kan føre til konsekvensar for laks, aure, ål og elvemusling, seier Nordberg.
Saman med terrengendringar der knausar og myr erstattast med store flate areal gjer gjenfyllinga at dreneringsmønsteret vert endra. Dagens vassføring frå tiltaksområdet drenerer i fire ulike retningar, men ville blitt erstatta med eit system for overvatn som skulle regulerast og koplast på Villsbekken. I Villsbekken er det leve- og oppvekstområde for laks. I Sauabekken/Urbekken er det laks, ål, aure og elvemusling.