Publisert 22.09.2025 , sist oppdatert 23.09.2025

NVE avslår søknad om bygging av Blådalselva kraftverk i Gloppen

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avslått søknaden frå Kandal Kraftverk AS om å bygge Blådalselva kraftverk i Gloppen kommune i Vestland fylke.

Røyrgata var planlagt til høgre i bilete. Foto: Tord Solvang / NVE.

Blådalselva kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 1,6 MW og ville etter NVE sine berekningar gitt ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 3,9 GWh.

– Vi meiner at dei samla ulempene ved utbygginga er større enn fordelane. Terrenget er svært bratt og utsett for skred, og inngrepa vil påverke både landskap og sårbare naturtypar negativt, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.

Landskap og naturfare avgjerande

Tiltaksområdet ligg i eit veldig bratt og steinete terreng, som betyr at ei utbygging vil gi store og synlege terrenginngrep. Det ville blitt langvarige sår i landskapet, som ligg i nærleiken av Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde.

Det er fare for steinsprang, sørpeskred og erosjon i tiltaksområdet. NVE meiner at det er stor risiko for at anlegget kan bli påverka av naturfare både i anleggs- og driftsfasen.

– Det er krevjande å sikre anlegget mot skred og erosjon i dette terrenget. Slike tiltak vil òg kunne påverke lønsemda i prosjektet negativt, seier Jensen.

Påverkar sårbare naturtypar og fisk

Utbygginga ville ført til inngrep i naturbeitemark og foss-eng. Begge er raudlista naturtypar med stor verdi. NVE meiner at inngrepet i naturbeitemarka ikkje kan avbøtast i tilstrekkeleg grad.

Redusert vassføring i Blådalselva og Kandalselva vil òg kunne ringast levevilkåra for aure og andre ferskvassartar. Kandalselva er frå før påverka av kraftutbygging, og Blådalselva bidreg i dag med viktig restvassføring.

Kontaktar

Ylva Bencze Rørå, fagleiar for ny kraft

E-post: ybro@nve.no

Tlf. 22959409

Niklas Egriell, seniorrådgivar

E-post: nieg@nve.no

Tlf. 22959432