Publisert 24.09.2026

NVE avslår søknad om Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal

NVE avslår søknaden frå Juvåna Fallrettighetslag SA om løyve til å bygge Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket ville ført til tap av myr og gje negative konsekvensar for registrerte naturverdiar. Samstundes ville inngrepa også gje ulemper for landskap i eit mykje brukt friluftslivsområde.  

Bjønntjønnhylen. Foto: NVE

Juvåna Fallrettighetslag SA har søkt om løyve til å bygge Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon, og å regulere Bjønntjønn og Bjønntjønnhylen. Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på om lag 9,3 GWh. 

NVE meiner at ulempene for landskap, friluftsliv og naturmangfald ved bygging av Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon er større enn fordelane, og avslår søknaden. 

– Vi meiner det er viktig å ta vare på dei gjenværande områda av omsyn til landskap og friluftsliv, seier Brit Torill Haugen, fungerande seksjonsleiar i NVE. 

Ei utbygging av Bjønntjønn vil redusere landskapsopplevinga  

Bjønntjønn ligg i et betydeleg utbygd hytteområde i nærleiken av Gautefall. Området har stor verdi for rekreasjon heile året. Det er også kartlagt naturtypar av stor verdi og nasjonal interesse. NVE meiner at eit ope inntak og regulering av Bjønntjønn og Bjønntjønnhylen vil gje varige og synlege inngrep som ikkje kan aksepterast.  

Ei regulering vil føre til utvasking av myr  

NVE meiner at ein regulering av Bjønntjønn, saman med landskapsverknadane, vil føre til utvasking av den nær trua naturtypen sørlig nedbørsmyr. Utbygginga vil og påverke ei bekkekløft av regional verdi og gammal fattig sumpskog av stor verdi.  

– Vi legg til grunn at reguleringa av Bjønntjønn og Bjønntjønnhylen med stor sannsyn vil gje utvasking og drenering av verdifulle myrområde. Desse områda har verdi for naturmangfaldet og fungerer samstundes som viktige karbonlager, seier Haugen. 

Kontaktperson

Oscar Østvold, fagleder
Tlf: 229 59 368
osos@nve.no 

Brit Torill Haugen, fungerende seksjonssjef
Tlf: 229 59 089
bth@nve.no