Sunnhordland Kraftlag har søkt om å bygge kraftverk og flaumtunnel i Opo gjennom Odda sentrum. NVE arrangerer folkemøtet om planane i kinosalen i Rådhuset i Odda måndag 12. februar kl. 19.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga av søknaden, medan Sunnhordland Kraftlag vil orientere om prosjektet. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknaden med fagrapportar er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Rådhuset i Odda, og på NVEs nettsider www.nve.no/konsesjoner.


Fristen for å komme med fråsegn er 20. februar 2018.


Les meir om saka