Publisert 08.05.2017

NVE arrangerer folkemøte om konsesjonssøknad for Kobbvatnet transformatorstasjon og omlegging av leidningar, Sørfold kommune, Nordland

Folkemøtet om planane vert arrangert på Kobbelv Vertshus onsdag 10. mai kl. 19.00.

Statnett fekk i 2013 og 2015 konsesjon for å utvide eksisterande transformatorstasjon ved Kobbelv. Etter nærare vurderingar har Statnett funne at denne plasseringa vil krevje betydelig sikring mot ras og blir for kostbar. Dei søkjer derfor i staden om å byggje ny stasjon kalla Kobbvatnet transformatorstasjon, ca. 2 km nord for dagens Kobbelv stasjon.

Statnett søker óg om å byggje om eksisterande 420 kV-leidningar slik at dei går inn til den nye stasjonen, blant anna å byggje ein ca. 1,9 km lang ny leidning på fjellet aust for Kobbelv kraftverk til planlagde Kobbvatnet transformatorstasjon. Eksisterande leidning på strekningen skal rivast.

Samtidig med konsesjonane til Statnett vart det gjeve konsesjon til Nord-Salten Kraft AS for å byggje ein ny 132 kV kraftleidning frå Gjerelvmo transformatorstasjon til Kobbelv transformatorstasjon. Nord-Salten Kraft AS søkjer om to traséalternativ med lengde på 0,4 og 0,5 km frå Gjerelvmo transformatorstasjon til planlagde Kobbvatnet transformatorstasjon. Nord-Salten Kraft søkjer også om å installere ny transformator og spole i Gjerelvmo transformatorstasjon.

Bakgrunnen for søknadane er å styrke forsyningssikkerheiten til Nord-Salten Kraft sitt forsyningsområde. Dagens nett har ikkje tilstrekkeleg kapasitet til å mate ny produksjon inn på sentralnettet, men dei planlagde tiltaka vil gjere det mogelig å realisere ny produksjon i området.

Folkemøtet om planane vert arrangert på Kobbelv Vertshus onsdag 10. mai kl. 19.00. På møtet vil Statnett og Nord-Salten Kraft presentere planane i konsesjonssøknaden, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane er tilgjengelege elektronisk.