Multiconsult har laga ein rapport om flaumluke i Sandvinvatn, som eit potensielt tiltak for flaumsikring av Sandvinvatnet og Opo gjennom Odda. NVE arrangerer folkemøte om rapporten i kinosalen i Rådhuset i Odda onsdag 18. april kl. 18.

På møtet vil Multiconsult orientere om rapporten. Sunnhordland Kraftlag AS har kome med tilleggsutgreiingar til sin søknad om kraftverk og flaumtunnel i Opo, og vil óg vere på møtet. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Du kan laste ned alle dokumenta frå sakas nettside: Kombinert flaumsikring og kraftverk

Fristen for å komme med fråsegn er 10. mai 2018.