NVE anbefaler nye vilkår for reguleringa av Storevatn i Sykkylven kommune
For å sikre sjøauren og legge forhalda til rette for å restaurere laksebestanden i vassdraget, tilrår NVE vilkår for å sikre minstevassføring i vassdraget. Dei nye krava vil ikkje påverke kraftproduksjonen, men kan endre tidspunktet for produksjonen noko.
Det ligg to kraftverk langs vassdraget nedstrøms Storevatn, Riksheimdal og Riksheim. Konsesjonen til å regulere Storevatn ble gitt til Sykkylven kommune i 1938. Reguleringa og kraftverka er i dag eigd og drifta av Sykkylven Energi AS.
Etter krav frå Riksheim grunneigarlag har NVE gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra. Målet er å oppdatere vilkåra slik at dei er i tråd med dagens kunnskap om miljøpåverknad.
Nye krav sikrar minstevassføring og stabile forhold på anadrom strekning
Laksebestanden i Riksheimvassdraget er vurdert som tapt, og sjøaurebestanden er vurdert til å vere i svært dårleg tilstand. Tørrlegging av opphaldsområder og stranding av ungfisk er ein betydeleg utfordring for laks og sjøaure. Det er utarbeida ein reetableringsplan for anadrome fiskeartar i vassdraget, som fordrar at det sikrast vassføring og stabile forhald.
–Konsesjonen frå 1938 inneheld ikkje noko krav om minstevassføring. Av omsyn til laks og sjøaure i vassdraget, anbefaler NVE no at det skal sikrast ei minstevassføring heile året, på strekningen der fisken vandrar, seier Carsten Jensen, seksjonsleiar i NVE.
NVE anbefaler at det skal sikrast ei minstevassføring på 240 l/s heile året nedstrøms Riksheim kraftverk. Vidare anbefaler NVE at nedreguleringa av effekt i Riksheim kraftverk skal følgje ein trinnvis nedkøyringsprosedyre, for å unngå store og raske vasstandsreduksjonar i elva.
NVE tilrår nye og moderne vilkår for reguleringa i Riksheimvassdraget. Dei moderne vilkåra vil gi styresmaktene heimel til å pålegge relevante undersøkingar og tiltak etter behov.
Dei nye krava vil ikkje påverke kraftproduksjon
Vandringsvegen for fiskene ligg nedstrøms kraftverka i vassdraget. Dermed kan minstevassføring gjennomførast ved normal drift av kraftverka, i store delar av året. Når kraftverka ikkje kan produsere, kan minstevassføring sikrast gjennom bruk av omløpsventil i Riksheim kraftverk.
Den samla produksjonen frå reguleringa er på 47 GWh. Produksjonen vil ikkje reduserast som følgje av dei nye krava, men fleksibiliteten i Riksheim kraftverk vil bli noko redusert.
Vidare saksgang
No når NVE har sendt si innstilling til Energidepartementet (ED), vil departementet sluttbehandle saken. Dersom nokon av partane har ny informasjon til innstillinga, kan dei sendast til ED på postmottak@ed.dep.no innan 24.08.2025. ED har tilgang på alle tidlegare dokument i saka, slik at det er berre nye høve eller dokument som bør sendast inn.