NVE anbefaler konsesjon til Mauranger 2 og nye miljøkrav i Maurangervassdraga
NVE anbefaler at Statkraft får konsesjon til å bygge Mauranger 2 kraftverk med to nye pumper og fleire nye vassoverføringar. Utvidinga vil gi betydeleg auke i effekt og dermed bidra til meir fleksibilitet i kraftsystemet. NVE anbefaler også nye miljøkrav for heile reguleringa.
Dersom det største alternativet som NVE anbefaler blir bygd , vil den installerte effekten auke frå 250 MW til 880 MW. Anlegga vil i så fall være det tredje største i Noreg målt i effekt, og utgjere om lag 2,6 % av den samla installerte effekten i norsk vasskraft.
- Ei utviding av Maurangeranlegga vil styrke effektbalansen i Noreg og bidra til at vi til ei kvar tid har nok straum til å dekke forbruket. Meir regulerbar effekt gjer det mogleg å fase inn meir uregulerbar produksjon i kraftsystemet og legg til rette for auka forbruk, seier energi- og konsesjonsdirektør Inga Nordberg i NVE.
NVE har i parallell revidert vilkåra for reguleringa av Maurangervassdraga og behandla søknaden om konsesjon til nye Mauranger 2 kraftverk.
– NVE har behandla søknaden om utviding saman med vilkårsrevisjonen. Difor kan vi sjå heilskapleg på kraftproduksjonen og påverknaden på naturen. Vi meiner dei nye vilkåra gir ei betre utnytting av vassressursane i Maurangervassdraga, samstundes som vi tek auka omsyn til viktige miljøverdiar og friluftsliv, seier Nordberg.
Konsesjon til Mauranger 2 kraftverk
Statkraft ønsker å ruste opp og utvide Maurangeranlegga for å auke effektkapasiteten. Oppgraderinga vil gjere at man utnyttar vatnet betre og kan levere meir straum når vi treng det mest, som på kalde vinterdagar når det er høg etterspørsel etter kraft. I tillegg vil utbygginga auke produksjonen med om lag 70–80 GWh, tilsvarande straumforbruket til rundt 4 000 husstandar.
Det største alternativet er avhengig av ei oppgradering i nettkapasiteten i området.
Utbygginga vil redusere flaumfaren, og gjere det mogleg å tappe vatn i forkant av ekstremnedbør. Statkraft må ta omsyn til miljø og samfunn i utbygginga. NVE anbefaler fleire justeringar i prosjektet og miljøtiltak for å ivareta natur og landskap både i fjellet og i fjorden.
Når NVE no tilrår Energidepartementet å gi konsesjon til Mauranger 2, har vi lagt vekt på at utvidinga gir betre utnytting av ressursane i eit allereie utbygd vassdrag, med større effekttilgang og meir regulerbar kraftproduksjon. NVE vurderer at den store samfunnsnytta som ligg i dette er større enn ulempene ved prosjektet.
Nye vilkår for betre miljøtilstand
NVE har også gjennomført ein vilkårsrevisjon av den eksisterande reguleringa. Målet med revisjonen er å oppdatere vilkåra i tråd med dagens kunnskap om miljøpåverknad. Løyve til utbygging og regulering av Maurangervassdraga er gitt ved tre konsesjonar i høvesvis 1969, 2005 og 2012. Desse er no revidert samla. Dei nye vilkåra vil gjelde uavhengig av om Mauranger 2 byggast.
Kvinnherad og Ullensvang kommunar kravde revisjon for å betre forholda for fisk, samt anna naturmangfald, landskap og friluftsliv.
Krav om minstevassføring
NVE anbefaler krav om minstevassføring i Øyreselva for å betre gyte- og oppvekstvilkår for laks og sjøaure. Statkraft må også lage tiltaksplanar som undersøker moglegheitene for å betre habitatforholda i Jondalselvi, Øyreselva, Austrepollelva og Bondhuselva. Krava vil bidra til at vassførekomstane vil kunne nå sine miljømål innan 2027, og miljømyndigheitene får moglegheit til å pålegge undersøkingar og tiltak etter behov.
Kravet om auka minstevassføring i Øyreselva vil redusere produksjonen med om lag 11,5 GWh i året. NVE vurderer dette som akseptabelt i lys av miljøgevinsten.
Viktige vassdrag med stor kraftproduksjon
Anlegga i Maurangervassdraga, ligg i Kvinnherad og Ullensvang kommunar i Vestland fylke. Statkraft Energi AS eig og driv anlegga, og har søkt om utviding. Folgefonnanlegga består av Mauranger kraftverk, Jukla pumpekraftverk og Markjelke pumpestasjon. Anlegga nyttar vatn frå ni magasin, og har ein samla årsproduksjon på om lag 1,4 TWh. Reguleringa påverkar mellom anna Jondalselvi, Øyreselva, Austrepollelva og Bondhuselva. Reguleringsområdet ligg ved Folgefonna nasjonalpark og Bondhusdalen landskapsvernområde, som er populære friluftsområde med urørt natur.
Vidare saksgang
NVE sine innstillingar er sendt til Energidepartementet (ED), som skal sluttbehandle sakene. Dersom partane har ny informasjon eller nye merknadar, kan dei sende dette til ED på postmottak@ed.dep.nopostmottak@ed.dep.no innan 12. februar. Departementet har tilgang til alle tidlegare dokument i saka, og det er berre nye forhold eller vurderingar som bør sendast inn.